factograf
NN

Nidwalden

Nidwalden

Key facts

folketal45 016
areal276km²
førekomst avkanton i Sveits
landSveits
hovudstadStans
skipingstidspunkt1291
All data from the card 6
Land
Sveits
Hovudstad
Stans
Høgaste punkt
Rotstöckli
Areal
275,85 km²
Folketal
45 016 (1. januar 2024)
Kanton sidan
1291

Nidwalden er ein kanton i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 276,1 km2, og hadde 43 000 innbyggarar i 2018. Stans er hovudstad i kantonen.

Geografi

Kart over dei elleve kommunane i Nidwalden.
Kart over dei elleve kommunane i Nidwalden.

Nidwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Nidwalden er, saman med Obdwalden, dei einaste kantonane som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot kantonane Luzern, Obwalden, Uri og Bern. Høgste fjellet i kantonen er 2 901 moh høge Rotstöckli, fjellet ligg i utkanten av Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen høyrer til dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 meter over havnivå.

Demografi og språk

Ganske nøyaktig 10% av dei fastbuande har utanlandsk statsborgarskap. Majoriteten i Nidwalden, 92,5%, talar tysk. Men det er klare dialektskilnader innom kantonen. Ein liten minoritet, 1,4%, har italiensk morsmål, medan 1,2% snakkar serbokroatisk.

Religion

75,6% av innbyggarane var i 2000 romersk-katolske, medan 11,9% sokna til den reformerte kyrkja i Sveits (Schweizer Reformierte Kirchen).

Kommunar

Nidwalden består av elleve kommunar. Det er Beckenried, Buochs, Dallenwil, Emmetten, Ennetbürgen, Ennetmoos, Hergiswil, Oberdorf, Stans, Stansstad, Wolfenschiessen.

Historie

Saman med Obwalden utgjer Nidwalden Unterwalden, som var ein av dei tre urkantonane som i 1291 danna det første sveitsiske eidsforbundet. Fram til 1999 var Nidwalden ein halvkanton, talde berre ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Etter endringar i den sveitsiske grunnlova, har Nidwalden ei røyst i stenderrådet, dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Kanton Nidwalden» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2011.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Nidwalden
  • Offisiell nettstad

Read next

In 90 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article