Narkval (Monodon monoceros) er ein tannkval i narkvalfamilien. Narkvalen er kjend for den lange og spydliknande spiralsnodde, framoverretta støyttanna (eigenleg den eine hjørnetanna) som hanndyra har.
Narkvalen lever i arktiske farvatn, hovudsakleg frå Canada austover til austlege delar av Sibir, og vert jamleg observert i nordaustlege Svalbard. Den totale bestanden av reproduserande dyr er ca. 123 000 dyr. Det vert driven fangst på narkval av inuittar i Canada og på Grønland.
Namnet «narkval» kjem frå norrønt náhvalr, som tyder 'likkval'. Den lange, spiralsnodde støyttanna vart i mellomalderen likna med hornet i panna på det fabeldyret som vart kalla einhyrning, og ofte selt til uvitande som einhyrningshorn.
