NGC 4414 er ein spiralgalakse som ligg rundt 62 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Berenike sitt hår.
I 1995 vart galaksen fotografert av romteleskopet Hubble i samband med utrekningar av kor fort universet utvidar seg. Ved å observera kefeidar kunne astronomar rekna ut avstanden til denne og andre galaksar.
I 1999 tok Hubble Heritage Project nye bilete av galaksen for å få eit fullstendig portrett av han.
Kjelder
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-1999-25 frå Space Telescope Science Institute.
