factograf
NN
Sign in

Myte

Myte

Ein myte (frå gresk μῦθος mythos «munnleg forteljing») kan vere

  • ei symbolsk framstilling, forteljing eller segn overlevert frå førhistorisk tid om skapinga, gudar og viktige hendingar; gudesegn.
  • ei utbreidd falsk (el. skeiv) oppfatning

I den første tydinga av ordet utgjer ei samling mytar frå ein kultur til saman mytologien i denne kulturen.

Mytar, segner og legender

Mytar skjer, i motsetnad til ei segn eller ei legende, som regel utanfor tid og rom. Ein myte skil seg frå ei segn ved at myten forsøkjer å forklare kvifor verda skikkar seg som ho gjer, medan segner oftare fokuserer på sosiale konfliktar. Legender byggjer på konkrete hendingar som går for å vere sanne.

Read next

In 102 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article