factograf
NN

Montmorillonitt

Montmorillonitt
All data from the card 17
Kategori
Fylosilikat Smektittgruppa
Kjemisk formel
(Na,Ca)0.33(Al,Mg)2(Si4O10)(OH)2·nH2O
Krystallsymmetri
Monoklin prismatiskH-M-symbol: 2/mRomgruppe: C2/m
Einingscelle
a = 5.17 Å, b = 8.94 Å, c = 9.95 Å; β = 99.54°; Z = 1
Farge
Kvit, bleik rosa, blå, gul, raud, grøn
Krystallform
kompakte massar av lamellert eller kuleforma mikrokrystallinske samlingar
Krystallsystem
Monoklin
Kløyv
{001} perfekt
Brot
Ujamn
Mohs hardleiksskala
1–2
Glans
Matt, jordaktig
Transparens
Gjennomskinneleg
Spesifikk vekt
1.7-2
Optiske eigenskapar
Toaksa (-)
Brytingsindeks
nα = 1.485–1.535 nβ = 1.504–1.550 nγ = 1.505–1.550
Dobbeltbryting
δ = 0.020
2V-vinkel
Målt: 5° til 30°

Montmorillonitt er eit av dei mest utbreidde leirminerala, med sjiktgitterstruktur. Det er avleidd av eit aluminiumsilikat med formel Al2Si4O10(OH)2·xH2O, der aluminium er delvis erstatta av eit toverdig ion som magnesium, og silisium kan vere delvis erstatta av aluminium. Dette gjev ei negativ ladning som blir kompensert ved at natrium og kalsium går inn mellom sjikta, saman med ei variabel mengd vassmolekyl. Dette forklarar mineralet sitt ionebyttereigenskapar og evna til å svelle sterkt opp, noko som kan vere eit problem i ingeniørteknisk samanheng. Montmorillonitt har mange industrielle bruksområde, sjå bentonitt og fullerjord.

Nærskylde mineral er beidellitt (aluminium erstattar silisium), nontronitt (jernrik), saponitt (med magnesium og jarn), hectoritt (med magnesium og litium), sauconitt (sinkhaldig), volkonskoitt (kromhaldig). Saman med montmorillonitt blir desse minerala gjerne kalla svelleleire eller smektitt.

Det er kalla opp etter Montmorillon i Frankrike.

Kjelder

  • «Montmorillonitt», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Montmorillonitt

Read next

In 42 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article