factograf
NN

Meridiansirkel

Meridiansirkel

Ein meridiansirkel er eit passasjeinstrument oppstilt i meridianen og utstyrt med nøyaktig avlesingssirkel for måling av høgda til ein himmellekam. Om ein kjenner polhøgda på observasjonstaden, kan ein avgjere koordinatane til stjernene (rektascensjon og deklinasjon) ved å avlese kulminasjonshøgdene og tidene for meridianpassasjane. Om ein kjenner koordinatane til ei stjerne, kan meridiansirkelen nyttast til tids- og polhøgdeavgjersler.

Den første meridiansirkelen vart konstruert av Ole Rømer i 1704. Moderne meridiansirklar er automatisert og knytt til datamaskinar.

Kjelder

  • «Meridiansirkel», Store norske leksikon, 14. oktober 2011, henta 13. august 2014

Read next

In 29 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article