factograf
NN

britisk friidrettsutøvar

Mary Rand

Mary Rand

Key facts

fødselsdato10. februar 1940
dødsdato26. mars 2026
yrkefriidrettsutøvar
fødestadWells
dødsstadReno
ektefelleSidney Rand

Mary Denise Rand, fødd Bignal (14. februar 1940–26. mars 2026), var ein britisk-amerikansk friidrettsutøvar frå Wells i Somerset. Ho vart olympisk meister i lengdehopp i 1964 og vart dermed den fyrste britiske kvinna som vann OL-gull i friidrett.

Aktiv

Rand deltok både i hekkeløp og lengdehopp under sommar-OL 1960 i Roma. Ho vart nummer ni i lengde, og kom på fjerdeplass på 80 meter hekk med tida 11,1 sekundar, eitt tidels sekund bak bronsevinnaren. I friidretts-EM 1962 i Beograd tok ho bronsen i lengde med eit hopp på 6,22 m.

Under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo sprang Rand på det britiske stafettlaget som tok bronse på 4 x 100 m stafett. I femkampen plasserte ho seg mellom dei sovjetiske deltakarane Irina Press og Galina Bystrova og fekk sølvmedalje. Ho sette så verdsrekord med 6,76 m i lengdehopp og vart olympisk meister framom polske Irena Kirszenstein på sølvplass og Tatjana Sjtsjelkanova frå Sovjetunionen som fekk bronsen.

Rand vann lengdetevlinga under samveldeleikane 1966 i Kingston på Jamaica med 6,36 meter. Same sesongen vart ho nummer fire i femkamp i EM i friidrett 1966 i Budapest. Ho la opp i 1968.

Frå 1969 til 1992 var ho gift med den USA-amerikanske tikjemparen Bill Toomey.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Mary Rand» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2014.
  • Worldf Athletics

Read next

In 32 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article