factograf
NN

Margreth Olin

Key facts

fødselsdato16. april 1970
yrkefilmregissør, manusforfattar, filmprodusent
fødestadStranda kommune
utmerkingOle Vig-prisen
skildra iHvem er Hvem? (2008)

Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970) er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.

Margreth Olin er frå Stranda på Sunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.

Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler. Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.

Verkliste

  • I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall)
  • Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom)
  • Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim)
  • Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000
  • Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp)
  • Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule)
  • Lullaby (2006)
  • Engelen (2009)
  • De andre (2012)
  • Cathedrals of Culture (2013) (regisserte episoden om Operahuset i Oslo)
  • Mannen fra Snåsa (2016)
  • Barndom (2017)
  • Fengslet og forlatt (2018)
  • Selvportrett (2020)

Utmerkingar

Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.

Prisar

Read next

In 5 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article