| Live Magic Konsertalbum av Queen | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1. desember 1986 | |
| Innspelt | 11.–12. juli 1986 Wembley Stadium i London, UK 27. juli 1986 Népstadion, Budapest, Hungary 9. august 1986 Knebworth Park, Stevenage, UK | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 47:10 (LP) 49:22 (CD) | |
| Selskap | EMI (UK), Hollywood (US) | |
| Produsent | Queen, Trip Khalaf | |
| Queen-kronologi | ||
|---|---|---|
| Live Killers (1979) |
Live Magic | At the Beeb (1989)
|
Live Magic er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen. Det vart spelt inn under The Magic-turneen (1986) og kom ut 1. desember 1986. Det kom ikkje ut i USA før august 1996. Albumet vart sterkt kritisert av mange fans, fordi mange av songane var kraftig kutta ned. Til dømes var operaseksjonen frå «Bohemian Rhapsody» fjerna, det andre verset av «Tie Your Mother Down», og både «Is This the World We Created...?» og «We Are the Champions» var redusert til eitt vers og eitt refreng. I juli 2004 kåra magasinet Q Live Magic som eit av dei fem mest skuffande konsertalbuma frå vanlegvis bra band.
Dei fleste opptaka var frå Knebworth Park den 9. august 1986, som var den siste konserten bandet nokon sinne spelte med originalbesetninga.
Innhald
- Side 1
- «One Vision»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Queen) – 5:09 - «Tie Your Mother Down»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (May) – 2:59 - «Seven Seas of Rhye»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury) – 1:21 - «A Kind of Magic (Edit)»
(Népstadion, Budapest, Hungary) - 27/07/86 (Taylor) – 4:47 - «Under Pressure»
(Népstadion, Budapest, Hungary) - 27/07/86) (Queen, Bowie) – 3:49 - «Another One Bites the Dust (Edit)»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Deacon) – 5:51
- Side 2
- «I Want to Break Free»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Deacon) – 2:40 - «Is This the World We Created...?»
(Wembley Stadium, London, England, UK) - 11/07/86 (Mercury/May) – 1:30 - «Bohemian Rhapsody (Edit)»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury) – 4:42 - «Hammer to Fall (Edit)»
(Wembley Stadium, London, England, UK) - 12/07/86 (May) – 4:22 - «Radio Ga Ga»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Edit) (Taylor) – 4:27 - «We Will Rock You»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (May) – 1:33 - «Friends Will Be Friends»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury/Deacon) – 1:09 - «We Are the Champions»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury) – 2:01 - «God Save the Queen»
(Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Trad. arr. May) – 1:19
Lister og sal
| Land | Lister | Sal | ||
|---|---|---|---|---|
| Plassering | Veker | Salstrofé | Sal | |
| Storbritannia | 3 | 44 | Platina | 1 000 000 |
| Austerrike | 13 | 6 | Gull | 100 000 |
| Tyskland | 15 | Gull | 300 000 | |
| Nederland | 17 | 100 000 | ||
| Italia | 22 | 100 000 | ||
| Sveits | 26 | Platina | 100 000 | |
| Japan | 49 | 100 000 | ||
| Sverige | 50 | |||
| Argentina | Gull | 40 000 | ||
| USA | – | – | 500 000 | |
Medverkande
- Freddie Mercury - solovokal, piano
- Brian May - gitarar, korvokal
- Roger Taylor - trommer, korvokal
- John Deacon - bassgitarar, korvokal
Andre musikarar
- Spike Edney - klaverinstrument, piano, gitar, korvokal
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Live Magic» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Den offisielle nettsida til Queen: Diskografi: Live Magic