factograf
NN
Sign in

Liealgebra

Ein liealgebra er i matematikken ein algebra, altså eit vektorrom med eit bilineært produkt, der det bilineære produktet—kalt ei lieklamme—oppfyller visse krav. Liealgebraar er oppkalt etter den norske matematikaren Sophus Lie.

La {\displaystyle {\mathfrak {g}}} vera ein algebra over ein kropp {\displaystyle k} og skriv det bilineære produktet på klammeform: {\displaystyle [-,-]:{\mathfrak {g}}\times {\mathfrak {g}}\to {\mathfrak {g}}}. Det bilineære produktet er ei lieklamme viss det oppfyller følgande

  • antikommutativitet: {\displaystyle [x,x]=0} for alle {\displaystyle x\in {\mathfrak {g}}}
  • jacobiidentiteten: {\displaystyle [x,[y,z]]+[z,[x,y]]+[y,[z,x]]=0}

Eksempel

  • Eit kvart vektorrom {\displaystyle {\mathfrak {g}}} der {\displaystyle [x,y]=0} for alle {\displaystyle x,y\in {\mathfrak {g}}} er openbert liealgebraar. Slike liealgebraar er kalt abelske liealgebraar
  • Ein kvar assosiativ algebra kan bli gjort til ein liealgebra ved å definera {\displaystyle [x,y]=xy-yx}
  • Som eit spesielt tilfelle kan ein ta algebraen av alle {\displaystyle n\times n} matriser over ein kropp og definera lieklamma som ovanfor

Read next

In 32 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article