Lewis Marc Capaldi (fødd 7. oktober 1996) er ein skotsk songar-låtskrivar fødd i Glasgow. Capaldi fekk suksess hjå eit breiare publikum i 2018, og i 2019 nådde singelen hans «Someone You Loved» fyrsteplassen på UK Singles Chart.
Debutalbumet hans Divinely Uninspired to a Hellish Extent kom ut 17. mai 2019. Det andre albumet, Broken by Desire to be Heavenly Sent, kom ut 19. mai 2023.
Liv


Capaldi var fødd i Glasgow, men voks hovudsakleg opp i Bathgate i West Lothian. Han lærte seg å spela gitar då han var ni, og starta musikkarrieren sin i 12-årsalderen med å syngja på pubar. Han slapp debutskiva si, Bloom EP, 20. oktober 2017 i eit samarbeid med den grammyprisvinnande produsenten Malay, som hadde arbeidd lenge saman med Frank Ocean.
Capaldi fekk suksess gjennom å lasta opp opptak av seg sjølv i soverommet sitt på SoundCloud, som blei oppdaga av manageren Ryan Walter. Den 31. mars 2017 slapp han den første låten sin, «Bruises». Låten var snart blitt spelt nær 28 millionar gongar på Spotify verda over, og Capaldi blei den usignerte artisten som raskast nokon gong hadde nådd over 25 millionar avspelingar på plattforma. Like etterpå skreiv han kontrakt med plateselskapa Virgin EMI Records og Capitol Records.
Høgare kjendisfaktor og europaturné (2017-2018)
I slutten av 2017 blei Capaldi lista av Vevo DSCVR som ein av «Artists to Watch 2018». Han var òg med på første Sound of-lista til BBC Music, Sound of 2018.
Capaldi varma opp for Rag'n'Bone Man på europaturnéen hans i november 2017, og for Milky Chance på den nordamerikanske delen av Blossom-turneen deira i januar 2018. Han fekk merksemd ifrå kjendisar som Chloë Grace Moretz, Kygo, James Bay, Ellie Goulding og Niall Horan. Horan bad Capaldi om å opna for han på to show på Flicker World Tour; på Glasgow SEC Armadillo i mars 2018. I mai 2018 følgde Capaldi med Sam Smith på turneen hans The Thrill of It All European Tour, og varma opp for Smith på 19 konsertar. Deretter kunngjorde han at han skulle ut på ein ny turné i Storbritannia og Europa elles, på scenar med kapasitet for 2000 tilhøyrarar.
13. juli 2018 blei Capaldi del av BBC Radio 1 si «Brit List», som garanterte han tre Radio 1-spelelister. I august 2018 baud det irske indierockbandet Kodaline inn Capaldi som oppvarmar på ein konsert i Belfast. Elles spelte Capaldi på fleire festivalar sommaren 2018, mellom anna Lollapolooza, Bonnaroo, Firefly, Mountain Jam, Osheaga, Reading & Leeds Festival, Rize og TRNSMT.
Capaldi gav ut sin andre EP, Breach, den 8. november 2018. Denne inneheldt dei tidlegare slopne singlane «Tough» og «Grace», i tillegg til den nye låten «Someone You Loved» og ein demo-versjon av «Something Borrowed».
2019–2020: Divinely Uninspired to a Hellish Extent
Breach-sporet «Someone You Loved» blei gjennombrotssingelen til Capaldi, og nådde topplistene i 29 land. Medan han var på turne med Bastille i 2019, nådde songen fyrsteplassen på UK Singles Chart, og heldt posisjonen i 7 veker. Han nådde også fyrsteplassen på Billboard Hot 100, og blei med det den fyrste skotske soloartisten til å toppa listene i USA sidan Sheena Easton i 1981. Songen blei nominert til ein grammypris for Song of the Year. Ifølgje IFPI var songen den 9. største singelen i verda i 2019. Eit anna spor frå Breach «Grace», nådde 9. plassen i Storbritannia same året. Begge songane var med på debutalbumet til Capaldi, Divinely Uninspired to a Hellish Extent. Singelen «Hold Me While You Wait», som følgde albumet som digital nedlasting, gjekk inn på den britiske singellista på 4. plassen.
Capaldi blei nominert til Brit Critics' Choice Award ved Brit Awards i 2019, men tapte for Sam Fender. Ved slutten av mars opna Capaldi for det irske bandet Picture This i Irland. I april kom dataspelet Days Gone ut med songen hans «Days Gone Quiet» som avsluttingsspor. Songen fekk nominasjonar frå Game Audio Network Guild Awards og NAVGTR Awards.
Sommaren 2019 opptredde Capaldi ved fleire festivalar, som Belsonic i Belfast, der han opna for The Killers, og Glastonbury Festival. Frå 16. til 26. august opna han for Ed Sheeran ved slutten av verdsturneen hans Divide på fire konsertar i Ipswich og Leeds. Mot slutten av året blei ei utvida utgåve av debutalbumet hans gjeve ut i lag med singelen «Before You Go», som blei den andre topplåten hans på UK Singles Chart 31. januar 2020.
Initiativet LiveLive blei starta for å hjelpa konsertgjengarar til å ha ei betre oppleving på konsertane hans. Ved Brit Awards 2020 fekk Capaldi tre nominasjonar, og vann to av dei. To songar skrivne av Capaldi blei også gjevne ut dette året: Rita Ora sin «How to Be Lonely» og Sigala sin «Lasting Lover».
2021–no: Broken by Desire to Be Heavenly Sent
I mars 2021 kunngjorde Capaldi at han ville utsetja alle komande konsertar for å arbeida på det neste albumet sitt. Han kom tilbake sommaren 2022 for å spela dei utsette konsertane, mellom anna ved TRNSMT-festivalen, Latitude Festival og Isle of Wight Festival.
Den fyrste singelen «Forget Me» frå andrealbumet hans, Broken by Desire to Be Heavenly Sent, kom ut i september 2022, og blei den fyrste songen hans til å byrja på toppen av UK Singles Chart. Seinare same månaden kom frosenpizzamerket hans «Big Sexy Pizza» ut i dei britiske supermarknadane Iceland og Tesco. Han fekk sin fjerde singel på fyrsteplassen med «Pointless» i januar 2023.
I april 2023 fekk Capaldi den femte fyrsteplassen sin med «Wish You the Best». I april 2023 kom også dokumentaren hans How I'm Feeling Now ut på Netflix, der Capaldi snakka om kjenslene sine knytte til å plutseleg blir kjendis, og problema sine med angst og Tourettes syndrom, som han nyleg var blitt diagnostisert med. I mai 2023 kunngjorde han at han skulle framføra eit intimt oppvarmingssett i juni før Reading and Leeds Festival, med support frå James Marriott, men Capaldi avlyste seinare konserten på grunn av mentale helseproblem. I juni 2023 gjorde Capaldi det kjent at han ville ta ein lengre pause frå turnering for å fokusera på den mentale og fysiske helsa si. Tidlegare den månaden hadde settet hans ved Glastonbury Festival blitt forstyrra av noko som verka som ein episode av Tourettes syndrom, sjølv om publikum hjelpte til med å avslutta framføringa. I juni 2025 vende han uventa tilbake til Glastonbury i den fyrst offentlege framferda si etter at han hadde annonsert pausen sin.
11. april 2025 slapp Capaldi coverversjonen sin av Britney Spears sin song «Everytime» på Internett. Han gjekk inn på UK Singles Downloads Chart på 36. plassen.
Diskografi
Studioalbum
| Tittel | Detaljar | Topposisjon på listene | Sertifisering | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| SCO |
AUS |
BEL |
GER |
IRE |
NOR |
NZ |
SWI |
UK |
US | |||
| Divinely Uninspired to a Hellish Extent |
|
1 | 7 | 6 | 7 | 1 | 1 | 3 | 3 | 1 | 20 | |
| Broken by Desire to Be Heavenly Sent |
|
1 | 1 | 2 | 4 | 1 | 2 | 1 | 2 | 1 | 14 |
|
EP-ar
| Tittel | Detaljar | Topposisjon på listene | ||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| SCO |
CAN |
UK Down. | ||||||||||||
| Bloom |
|
— | — | — | ||||||||||
| Breach |
|
— | 95 | — | ||||||||||
| Deezer Sessions |
|
— | — | — | ||||||||||
| Spotify Singles |
|
— | — | — | ||||||||||
| Up Next Live From Apple Champs-Élysées |
|
— | — | — | ||||||||||
| To Tell the Truth I Can't Believe We Got This Far |
|
8 | — | 5 | ||||||||||
| Cry Yourself to Sleep |
|
— | — | — | ||||||||||
| Spotify Singles |
|
— | — | — | ||||||||||
| All the Rest |
|
— | — | — | ||||||||||
| Survive |
|
— | — | — | ||||||||||
| Live from North America |
|
— | — | — | ||||||||||
| — tyder at utgjevinga ikkje kom inn på denne lista. | ||||||||||||||
Prisar, utmerkingar og nominasjonar
| År | Organisasjon | Kategori/Utmerking | Rolle | Resultat | Ref |
|---|---|---|---|---|---|
| 2017 | Scottish Alternative Music Awards | Best Acoustic Act | Seg sjølv | Vann | |
| Scottish Music Awards | Best Breakthrough Artist Award | ||||
| 2018 | BBC | Sound of 2018 | Inkludert | ||
| Great Scot Awards | Breakthrough | Vann | |||
| Forth Awards | Rising Star Award | ||||
| 2019 | Brit Awards | Critics' Choice Award | Nominert | ||
| MTV | Brand New for 2019 | Vann | |||
| Q Awards | Best Track | «Someone You Loved» | Vann | ||
| BreakTudo Awards | International New Artist | Seg sjølv | Nominert | ||
| NRJ Music Awards | International Song Of The Year | «Someone You Loved» | Nominert | ||
| International Revelation Of The Year | Seg sjølv | Nominert | |||
| rowspan="2" BBC Teen Awards | Best British Singer | «Someone You Loved» | Vann | ||
| Best Single | Seg sjølv | Vann | |||
| 2020 | Grammy Award | Song of the Year | «Someone You Loved» | Nominert | |
| iHeartRadio Music Awards | Best Lyrics | Nominert | |||
| Best New Pop Artist | Seg sjølv | Nominert | |||
| Brit Awards | Male Solo Artist | Nominert | |||
| Best New Artist | Vann | ||||
| Song of the Year | «Someone You Loved» | Vann | |||
| Album of the Year | Divinely Uninspired to a Hellish Extent | Nominert | |||
| Global Awards | Best Male | Seg sjølv | Nominert | ||
| Best British Act | Nominert | ||||
| Best Mass Appeal Artist | Vann | ||||
| Most Played Song | «Someone You Loved» | Vann | |||
| Best Song of 2019 | Nominert | ||||
| Kids' Choice Awards | Favorite Breakout New Artist | Seg sjølv | Nominert | ||
| LOS40 Music Awards | Best International New Act | Nominert | |||
| Best International Album | Divinely Uninspired to a Hellish Extent | Nominert | |||
| Best International Song | «Before You Go» | Nominert | |||
| MTV Video Music Awards | PUSH Best New Artist | Seg sjølv | Nominert | ||
| Ivor Novello Awards | Most Performed Work | «Hold Me While You Wait» | Nominert | ||
| «Someone You Loved» | Nominert | ||||
| Billboard Music Award | Top Hot 100 Song | Nominert | |||
| Top Radio Song | Nominert | ||||
| UK Music Video Awards | Best Pop Video – UK | «Before You Go» | Nominert | ||
| American Music Awards | New Artist of the Year | Seg sjølv | Nominert | ||
| Favorite Artist – Adult Contemporary | Nominert | ||||
| Favorite Song – Pop/Rock | «Someone You Loved» | Nominert | |||
| Scottish Music Awards | Best UK Artist | Seg sjølv | Vann | ||
| 2021 | iHeartRadio Music Awards | Best Lyrics | «Before You Go» | Vann | |
| Ivor Novello Awards | Most Performed Work | Nominert | |||
| «Someone You Loved» | Nominert | ||||
| Billboard Music Awards | Top Radio Songs Artist | Seg sjølv | Nominert | ||
| ASCAP London Music Awards | Songwriter of the Year | Vann | |||
| Winning Hot 100 Song | «Before You Go» | ||||
| Song of the Year | «Someone You Loved» | ||||
| Top Streaming Song | |||||
| 2022 | NRJ Music Awards | International Video of the Year | «Forget Me» | Nominert | |
| ASCAP London Music Awards | Winning Hot Dance/Electronic Song | «Lasting Lover» | Vann | ||
| MTV Europe Music Awards | Best UK & Ireland Act | Seg sjølv | Nominert | ||
| 2023 | British Phonographic Industry | Brits Billion Award | Vann | ||
| National Television Awards | Authored Documentary | How I'm Feeling Now | Vann | ||
| 2024 | Grammy Awards | Best Music Film | Nominert |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lewis Capaldi» frå Wikipedia på svensk, den 24. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Lewis Capaldi» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2023.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
