Legionærsjukdom er ein infeksjonssjukdom som skuldast bakterien Legionella pneumophila, som veks fort i varmt vatn. Sjukdommen vart fyrst nemnt i 1976 i Philadelphia. Der var det eit større utbrot av sjukdommen under årsmøtet til organisasjonen av krigsveteranar i Sambandsstatane, som ber namnet the American Legion, og slik fekk sjukdommen namnet sitt. Men legionærsjukdom har truleg opptredd hjå menneske heilt sidan 1950-talet, då klimaanlegg vart vanlege.
Legionærsjukdom smittar ikkje frå person til person. Smitterisikoen kjem frå konsentrerte skyer av legionellabakteriar i kjøletårn, ismaskiner, sprinklaranlegg for brannslokking, luftesystem/klimaanlegg og andre varmtvassanlegg der vatnet ikkje vert varma opp høgt nok til å drepa bakteriane. Sjukdommen gjev betennelse i lungevevet etter ei inkubasjonstid på truleg 10–20 dagar. Ein kan behandla han med antibiotika.
Utbrot i Noreg
Større og viktige epidemiar
- 1976 - Philadelphia - sjukdommen vart oppdaga - 221 sjuke, 34 døde
- 1999 - Bovenkarspel i Nederland - 200 sjuke, 32 døde
- 2001 - Murcia i Spania, 449 stadfesta sjukdomstilfelle, 6 døde
- 2001 - Stavanger, 28 sjuke, 7 døde
- 2002 - Barrow i England - 172 sjukdomstilfelle, 7 døde
- 2005 - Østfold (Fredrikstad), 10 døde.
