factograf
NN

Landvetter

Landvetter

Key facts

folketal9 999
areal1 097ha
førekomst avtettstad i Sverige
landSverige
ligg i administrativ einingHärryda kommun

Landvetter er den nest største tettstaden i Härryda kommun i Västra Götalands län i Västergötland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 6 680 innbyggjarar. Göteborgs lufthamn er oppkalla etter tettstaden.

Han ligg nær Göteborg og den internasjonal lufthamna – Göteborg-Landvetter flygplats – ligg her og har gjort byen til ein attraktiv plass som ein ekspanderande bustadby.

Jernbanen mellom Göteborg og Borås passerer gjennom den sørlege delen av Landvetter, men har ikkje lenger stasjon i byen. Riksväg 40 passerer gjennom byen som motorveg, og har delt Landvetter i to. Sidan motorvegen blei bygd på 1970-talet har byen berre ekspandert på nordsida av vegen, der òg Landvetter sentrum ligg. I sentrum finst ICA, Shell, frisør, skule, bibliotek, idrettshall og restaurant. I området sør for motorvegen ligg Landvetter kyrkje.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Landvetter» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2012.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

Read next

In 22 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article