factograf
NN
Sign in

Kystslette

Kystslette
Sletta ved Gobichettipalayam i India med utsyn mot Dei vestlege Ghatfjella.
Sletta ved Gobichettipalayam i India med utsyn mot Dei vestlege Ghatfjella.

Ei kystslette er eit område med flatt lågland nær ein kyst som er skilt frå innlandet av andre landformer, som fjell. Slike sletter kan dannast på to ulike måtar. I den eine blir dei bygde opp av materiale som blir frakta av elver over tid. I den andre er dei ein del av kontinentalsokkelen som går over til å bli landjord når havnivået søkk.

Ei av dei lengste kystslettene i verda finn ein vest i Sør-Amerika, mellom Andesfjella og Stillehavet. Den sørvestlege kystsletta i Nord-Amerika er særmerkt av artsmangfaldet sitt. Golfkystsletta i Nord-Amerika strekkjer seg nordover frå Mexicogolfen langs Mississippielva til Ohioelva, ein avstand på om lag 800 km. I krittida var området midt i det som i dag er USA dekt av ein grunn innsjø som forsvann etter kvart som landet heva seg. Store fossil av sjøfuglane Hesperornis og Ichthyornis som vart funne vest i Kansas, viser at innsjøen var rik på fisk. Kystsletta langs Mississippielva kan knytast til ein om lag 6 000 år gammal grunn innsjø.

I India ligg kystsletter på kvar side av Deccan-platået ved aust- og vestkysten. Dei målar kring 6 100 km frå Rann of Kutch i vest og Vest-Bengal i aust, til eit møtepunkt i Kanyakumari på sørspissen av det indiske fastlandet.

Galleri

Kystslette i Albania
Kystslette i Albania
Ustyn over ei kystslette i Alaska
Ustyn over ei kystslette i Alaska
Den israelske kystsletta, Mishor HaḤof
Den israelske kystsletta, Mishor HaḤof
Skydekke over Santa Barbara kystslette i California
Skydekke over Santa Barbara kystslette i California
4 images

Kjelder

  • «Coastal plain» på Wikipedia på engelsk, innhenta 17. april 2010.

Read next

In 24 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article