Kyle Alessandro Helgesen Villalobos (fødd 10. mars 2006) er ein norsk-spansk songar, låtskrivar og dansar frå Steinkjer. Han vann Melodi Grand Prix 2025 med låten «Lighter» og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn
Musikalsk virke

Norske Talenter
Kyle Alessandro var ti år gammal då han blei kjend som deltakar i Norske Talenter i 2017. På audition til programmet song han Beyoncé sin låt «Halo».
Melodi Grand Prix
I 2023 deltok Alessandro for fyrste gong i Melodi Grand Prix med gruppa Umami Tsunami; dei framførte songen «Geronimo». Forutan Kyle Alessandro bestod bandet av Kristian Haugstøyl og Magnus Winjum. Dei gjekk vidare frå delfinalen, og kom til slutt på ein niandeplass i finalen.
I 2025 var Kyle Alessandro igjen deltakar i Melodi Grand Prix, denne gongen som soloartist. Han deltok med låten «Lighter», som han hadde skrive sjølv saman med Adam Woods. Under finalen i Oslo Spektrum den 15. februar vann han konkurransen, og fekk dimed retten til å representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Basel i Sveits.
Eurovision Song Contest 2025
Alessandro song i den fyrste semifinalen tysdag 13. mai, der han var den fyrste av deltakarane som blei utropt til å ha gått vidare til finalen laurdag 17. mai. I finalen var han fyrste artist på scena. Alessandro og bidrag hans «Lighter» fekk 89 poeng og enda på 18. plass.
Privatliv
I august 2025 stod Alessandro fram som bifil og sa at han hadde ein mannleg kjæreste. Under den årlege Halloweenfesten til Alexandra Joner, kom han saman med sin kjærast, modellen Brede Bremnes.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kyle Alessandro» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2025.
