factograf
NN
Sign in

Kvotient

Kvotient (av latin quótus, 'som i ordninga') er resultatet av ein divisjon. Om {\displaystyle {\frac {a}{b}}=c} (b ulik 0) er c kvotienten, og vert stundom kalla «kvotienten mellom a og b» eller «forholdet mellom a og b».

Ved heiltalsdivisjon, der a, b, q og r er heiltal og {\displaystyle 0\leq r<b} gjeld

{\displaystyle {\frac {a}{b}}=q+{\frac {r}{b}}}

Her er q kvotienten og r vert kalla rest. Ein vanlegare skrivemåte i matematisk litteratur er {\displaystyle a=b\cdot q+r\,}.

Døme

{\displaystyle {\frac {7}{2}}=3,\!5}, her er kvotienten 3,5.
{\displaystyle {\frac {7}{2}}=3+{\frac {1}{2}}} eller {\displaystyle 7=2\cdot 3+1\,}, her er kvotienten 3 og resten 1 (heiltalsdivisjon).

Utanfor reint matematiske samanhengar vert omgrepet mykje nytta i tydinga «del» eller «andel». Det er frå denne tydinga at ordet kvotering har kome til. I informatikken vert òg omgrepet quota nytta.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Kvotient» frå Wikipedia på svensk, den 12. september 2011.

Read next

In 52 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article