factograf
NN

Kurland

Kurland

Key facts

førekomst avhistorisk område
landLatvia
ligg i administrativ einingLatvia
skildra iSvensk uppslagsbok
All data from the card 1
Land
Latvia
Hertugdømet Kurland, 1740.
Hertugdømet Kurland, 1740.
Inngangen til hertugane av Kurland sitt palass.
Inngangen til hertugane av Kurland sitt palass.
2 images

Kurland er eit av dei fire historiske landskapa i Latvia. Det ligg sørvest for Rigabukta, og er kalla opp etter det baltiske folket kurane. Det strekte seg i mellomalderen heilt ned til dagens nordvestre del av Kaliningrad (Königsberg) og omfatta heile det noverande litauiske kystområdet.

Kurland høyrte under den Den tyske riddarordenen i staten Livland (om lag 1200–1560). Kurland var eit hertugdøme som var ein del av Den polsk-litauiske realunionen frå 1560 til 1795 og hadde på 1600-talet koloniar på Tobago og i Gambia. For å tene skipa i kolonitrafikken gjekk hertug Jekabs (1610–1682) inn i ein leigeavtale om bruk av Flekkerøy utanfor Kristiansand. I 1664 sikra hertugen gjennom ein avtale med Fredrik III av Danmark-Noreg rettane for for Kurland til å utvinne sølv, bly, kopar og jern med særs gunstige vilkår. Kurland etablerte gruver på Eidsvoll og Kongsberg, og i periodar var opptil 300 kurlendarar i arbeid i Noreg.

Etter delinga av Polen og Litauen i 1795 gjekk området over til Det russiske keisardømet (1795–1918).

I tillegg til latviarar og tyskarar budde det òg svenskar her, i nyare tid òg russarar. Den nordlegaste delen er tynt folkesett og er for det meste busett av livarar.

Grunneigarane og byborgarskapet, og dermed dei danna klassane, var i all hovudsak tyskspråklege, den tyske folkegruppa vart evakuert av styresmaktene til Posenområdet under den andre verdskrigen, og derfrå drive vidare bort av Stalin og polakkane.

Byar i Kurland

  • Liepaja (Libau)
  • Ventspils (Windau)
  • Grobina (Grobin)
  • Aižpute (Hasenpoth)
  • Kuldiga (Goldingen)
  • Saldus (Frauenburg)
  • Piltene (Pilten)
  • Tukums (Tuckum)
  • Talsi (Talsen)

Hertugar av Kurland

  • 1562–1587: Gotthard Kettler
  • 1587–1642: Friedrich Kettler
  • 1587–1616: saman med Wilhelm Kettler (delt 1596–1616)
  • 1642–1681: Jakob Kettler
  • 1681–1698: Friedrich Kasimir Kettler
  • 1698–1711: Friedrich Wilhelm Kettler
  • 1711–1737: forskjellige rivaliserande regentar, m.a. den seinare russiske tsarina Anna
  • 1737–1758 og 1758–1763: Ernst Johann von Biron
  • 1763–1795: Peter von Biron

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Kurland» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kurland
  • Offisiell nettstad

Read next

In 66 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article