factograf
NN

by i Ukraina

Kryvyj Rih

Kryvyj Rih

Key facts

folketal603 904
areal410km²
førekomst avstorby
landUkraina
skipingstidspunkt27. april 1775
høgd over havet84m
All data from the card 12
Land
Ukraina
Province
Dnipropetrovsk oblast
Distrikt
Kryvyj Rih rajon
Høgd
84 moh.
Koordinatar
47°55′0″N 33°15′0″E / 47.91667°N 33.25000°E
Areal
410 km²
Folketal
664 499 (2011)
Folketettleik
1 621 / km²
Grunnlagd
1775
Tidssone
EET (UTC+2)
Postnummer
50000-50479
Retningsnummer
+380 56(4)

Kryvyj Rih (ukrainsk Кривий Ріг; russisk Кривой Рог, Krivoj Rog) er ein by sentralt i Ukraina. Han ligg Dnipropetrovsk oblast, sørvest for Dnipropetrovsk, ved samløpet mellom elvane Inhulets og Saksahan. Byen har kring 650 000 innbyggjarar (2007).

Kryvyj Rih er utan tvil den største stålindustribyen i Aust-Europa, og eit globalt viktig metallurgisk senter i Kryvbas-regionen.

Historie

Byen vart grunnlagd på 1700-talet av zaporozje-kosakkar. Kryvyj Rih tyder på ukrainsk 'krokete horn'. I følgje ei lokal segn vart byen grunnlagd av ein krokete (ukrainsk sjargong for einøygd) kosakk kalla Rih. Men ein veit at namnet på byen vart nytta om dette området før byen vart grunnlagd på grunn av forma på landområdet der elva Saksagan munnar ut i Inhulets.

Industriveksten i området byrja i 1880-åra då europearar byrja å investere i gruvedrifta her. Metallverka i byen, særleg Kryvorizjstal, vart utvida i sovjettida og er i dag eit av dei største i verda.

Under den russiske borgarkrigen vart byen og området kring kjernen i anarkiopprøret til Nestor Makhno.

Under andre verdskrigen vart Kryvyj Rih nesten totalt øydelagd av den flyktande raude armeen. Etter krigen levde folk blant ruinane medan husa vart gjenoppbygde. Husmangelen vart møtt med innovative teknologiske løysingar som gjorde at ein raskt kunne byggje brakker og hus i raskt tempo.

Klima

Kryvyj Rih har eit tørt steppeklima (Bsk) i følgje Köppen si klimaklassifisering. Dette gjev varme somrar og kalde vintrar med lite nedbør.

Vêrdata for Kryvyj Rih
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 13 18,9 23,5 28,9 35,8 36,4 38,6 39,6 32,2 31,7 21,7 15,3 39,6
Gjennomsnittleg maks °C −0,9 0,1 6,1 15 21,8 25,2 27,8 27,5 21,4 14 5,5 0,4 13,7
Døgnmiddeltemperatur °C −3,5 −3,1 1,9 9,6 15,9 19,5 21,8 21,2 15,6 9,1 2,3 −2,1 9
Gjennomsnittleg min °C −6,3 −6,2 −1,8 4,4 9,8 13,7 15,7 15 10,1 4,7 −0,6 −4,7 4,5
Lågast målte °C −27,2 −27,3 −21 −8,9 −1,6 2,8 7,3 5 −3,7 −10 −18,6 −24,5 −27,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 30 29 24 28 45 62 58 32 38 37 31 28 442
Kjelde: Pogoda.ru.net

Bilete frå Kryvyj Rih

Båtstasjon på elva Saksagan
Båtstasjon på elva Saksagan
Ei av dei største blomsterklokkene i Europa
Ei av dei største blomsterklokkene i Europa
Kryvyj Rih Metrotram
Kryvyj Rih Metrotram
Sentralbanestasjonen
Sentralbanestasjonen
Julelys nær rådhuset
Julelys nær rådhuset
5 images

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Kryvyi Rih» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

  • Kryvyj Rih nettstad (engelsk, ukrainsk, russisk)
  • Infokr - byportal Arkivert 2020-11-26 ved Wayback Machine. (russisk)

Read next

In 88 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article