factograf
NN
Sign in

Kostfiber

Kostfiber

Kostfiber er karbohydratar i kosten som ikkje kan brytast ned av fordøyelsessystemet til menneske. Til ein viss grad kan slike fibrar likevel brytast ned i tjukktarme ved hjelp av spesielle vom- og tarmbakteriar. Ved nedbryting kan dei omdannast til korte feittsyrer som eddiksyre, propionsyre og smørsyre, som tarmen kan ta opp og bruka som energikjelde.

Kostfiber kjem frå bindingsverk i plantar, og kjem frå celleveggar i alle delane av plantane. Dei kan vera laga av ulike kjemiske samband, som cellulose, hemicellulose, pentosan, pektin og lignin.

Kostfiber har ei nyttig avførande verknad, og har vore brukt til å behandla forstopping. Det finst fleire hypotesar om samanhengar mellom lite fiber i kosten og ein del sjukdommar, som tjukktarmskatarr.<ref name=SML>

Read next

In 64 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article