factograf
NN

plantefamilie i korgplanteordenen

Korgplantefamilien

Korgplantefamilien

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnAsteraceae
taksonomisk nivåfamilie
skildra iЭнциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона
På Zinnia elegans ser ein tydeleg små blomar samla i korga, med fargesterke kronblad rundt.
På Zinnia elegans ser ein tydeleg små blomar samla i korga, med fargesterke kronblad rundt.

Korgplantefamilien eller korgblomfamilien (Asteraceae eller Compositae) er ein plantefamilie i ordenen Asterales. Han omfattar om lag 13 000 artar fordelt på 1 500 planteslekter.

Familien blir gjerne rekna som den mest utvikla eller «moderne» av alle plantefamiliar. Dette er både fordi ein ikkje har funne arkeologiske spor frå gammal tid av desse blomane, og fordi dei har utvikla mange sofistikerte organ som andre plantar ikkje har.

Skildring

Korgdekkblad under korga til Centaurea pullata.
Korgdekkblad under korga til Centaurea pullata.

Namnet har familien fått frå «korga» som inneheld ei rekke små blomar. Blomane kan ha to ulik former: røyrforma, såkalla skiveblomar, eller tungeforma, såkalla randblomar.

Rundt kvar korg sit ofte fargerike kronblad, som kan vera heile eller frynsete ytst. Desse igjen er dekte av smale, grønlege og begerliknande korgdekkblad, som kan vera hinneaktige, taggete eller ha mothakar.

Medlemmer

Burot (Artemisia vulgaris)
Burot (Artemisia vulgaris)
Dahlia pinnata
Dahlia pinnata
Haustsolbrur, Helenium autumnale.
Haustsolbrur, Helenium autumnale.
Bruksplanten klisterurt, Madia sativa.
Bruksplanten klisterurt, Madia sativa.
Petasites hybridus.
Petasites hybridus.
Urospermum dalechampii
Urospermum dalechampii
6 images

I korgplantefamilien finst fleire hageplantar, men òg mange plantar som blir rekna som ugras. Blomar som høyrer til den første gruppa er mellom anna asters, kornblom og fløyelsblom, medan løvetann, tistel og kornblom igjen kan bli rekna til den siste.

Slekter i korgplantefamilien

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Korgplantefamilien
  • kristvi.com Arkivert 2005-01-09 ved Wayback Machine.: Fleire korgblomar med norske namn og bilde

Read next

In 102 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article