factograf
NN

Kongeå

Kongeå

Key facts

førekomst avå
landDanmark
ligg i administrativ einingEsbjerg kommune
skildra iHeimskringla
All data from the card 4
Land
Danmark
Lengd
om lag 50 km
Kjelde
Sør for Vamdrup
Munning
Ved Kongeå sluse nord for Ribe i Vadehavet

Kongeå er ei elv i Danmark som dannar grensa mellom Nord-Jylland og Sønderjylland. I perioden 1864-1920 fungerte ho òg som ei grense mellom Danmark og Tyskland. I mellomalderen vart elva kalla Skodborg Å etter den kongelege borga Skodborghus, som låg ved ein overgongstad sør for Vejen. I fleire hundreår var det tollgrense ved Kongeå, som skilde Danmark frå Hertugdømet Slesvig.

Elva har sitt utspring søraust for Vejen og Vamdrup og munnar ut i Vadehavet nord for Ribe etter om lag 50 km.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Kongeå» frå Wikipedia på dansk, den 27. mars 2007.

Read next

In 19 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article