Kenosha er ein by lengst søraust i delstaten Wisconsin i USA, administrasjonssete for Kenosha County. Folketalet er kring 100 000, noko som gjer byen til den fjerde mest folkerike i Wisconsin. Kenosha ligg på sørvestbreidda av Michigansjøen, om lag midtvegs mellom Chicago og Milwaukee. Hovudvegen Interstate 94 gjev Kenosha samband med begge storbyområda.
Kenosha var i lang tid eit industrisenter. Store bilfabrikkar dreiv den lokale økonomien størstedelen av 1900-talet. Den siste av desse fabrikkane vart lagt ned i i 1980-åra. Gradvis gjekk byen over til eit tenestebasert næringsliv. Hovudkontora til verktøyprodusenten Snap-on Inc. og kledefirmaet Jockey International ligg i Kenosha.
Filmskaparen Orson Welles var frå Kenosha.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kenosha, Wisconsin» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
