factograf
NN

tettstad

Karasjok

Karasjok

Key facts

folketal1 769
areal2,2km²
førekomst avtettstad i Noreg
landNoreg
høgd over havet141m
ligg i administrativ einingKarasjok kommune
All data from the card 9
Land
Noreg
Fylke
Finnmark
Kommune
Karasjok
Areal
2,24 km²
Folketal
1 804 (2024)
Folketettleik
805 / km²
Postnummer
9730 KARASJOK
Innbyggjarnamn
karasjoking
Preposisjon
i Karasjok

Karasjok (nordsamisk Kárášjohka) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Karasjok kommune i Finnmark. Tettstaden ligg ved elva Kárášjohka, omkring møtepunktet mellom vegane E6 og riksveg 92, om lag 13 kilometer frå riksgrensa til Finland. Karasjok har 1 804 innbyggjarar per 1. januar 2024 og det meste av busetjinga i kommunen er konsentrert til tettstaden. Tettstaden Karasjok blir lokalt også kalla for Kirkestedet.

I Karasjok kjem den samiskspråklege avisa Ávvir ut fem dagar i veka. Tettstaden er sete for ei rekkje sentrale samiske institusjonar, mellom dei Sametinget, NRK Sápmi, museet De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek. Karasjok har produksjon av jernvarer og trevareindustri. Like nord for tettstaden ligg ein seismologisk stasjon. Det er to kyrkjer i tettstaden: Karasjok kyrkje og Karasjok gamle kyrkje, som er den eldste trekyrkja i Finnmark.

Frå Karasjok går E6 nordover til Lakselv og austover til riksgrensa til Finland. Frå Kautokeino i sørvest kjem riksveg 92 og går frå tettstaden Karasjok vidare langs sørbreidda av elva Kárášjohka.

Historie

Det første telefonsambandet mellom Karasjok og resten av Noreg kom i 1909.

Sjå òg

Referansar

{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side

Read next

In 14 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article