Jim Fairchild (fødd 8. oktober 1973) er ein amerikansk musikar som er mest kjend som sologitarist i indie rock-banda Modest Mouse og Grandaddy. Han har gjeve ut soloalbum under namnet All Smiles.
Biografi
Jim Fairchild byrja å spela gitar då han var 14. Han har budd i Los Angeles, Chicago og Portland i Oregon der han byrja å jobbe under namnet «All Smiles».
Fairchild vart med i Grandaddy som gitarist i 1995, og blei i bandet fram til dei vart oppløyst i 2006.
I 2005 var Fairchild turnémedlem i Modest Mouse før Johnny Marr vart med i bandet. Han gav ut det fyrste soloalbumet sitt Ten Readings of a Warning i 2007. Albumet vart utgjeve på ein karbonnøytral måte. I februar 2009 vart han med i Modest Mouse att, og var med på å skrive og spela inn albumet Strangers to Ourselves med dei i 2015. Han gav ut det andre albumet sitt, Oh for the Getting and Not Letting Go, 30. juni 2009. 17. november 2009 gav han ut EP-en Fall Never Fell. 1. mars 2011 gav Fairchild ut albumet Staylow and Mighty på sitt eige platselskap Small Aisles.
Fairchild er gift med kunstnaren Natasha Wheat.
Diskografi
Som All Smiles:
- Ten Readings of a Warning (Dangerbird Records, 2007)
- Oh for the Getting and Not Letting Go (Small Aisles, 2009)
- Fall Never Fell EP (Small Aisles, 2009)
- Staylow and Mighty (Small Aisles, 2011)
- Mostly Cloudy, Morning Night (2012)
Med Grandaddy:
- Under the Western Freeway (V2 Records, 1997)
- The Broken Down Comforter Collection (V2 Records, 1999)
- The Sophtware Slump (V2 Records, 2000)
- Sumday (V2 Records, 2003)
- The Ham and Its Lily (2003) (Gjeve ut under bandnamnet "Arm of Roger")
Med Modest Mouse:
- Strangers to Ourselves (Epic, 2015)
Andre utgjevingar:
- Howe Gelb, "Can't Help Falling in Love with You" (1998)
- Giant Sand, Cover Magazine (på utvalde spor, 2002)
- The Band of Blacky Ranchette, "Low Spark of High Heeled Boys" (2003)
- Goldcard, "The Rabbit Song" (2003)
- Earlimart, Treble and Tremble (Palm Pictures, 2004)
- Peter Walker, Young Gravity (Dangerbird Records, 2006)
- Dappled Cities, Granddance (Dangerbird Records, 2007)
- Admiral Radley, "I Heart California" (The Ship, 2010)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jim Fairchild» frå Wikipedia på engelsk den 19. mars 2017. Den engelske artikkelen oppgav desse kjeldene:
