factograf
NN

Janne Ahonen

Janne Ahonen

Key facts

fødselsdato11. mai 1977
høgd184cm
yrkeskihoppar, racerførar
fødestadLahtis
utmerkingHolmenkollmedaljen
masse66 kg
Frå eit verdscuprenn i Titisee-Neustadt i 2004.
Frå eit verdscuprenn i Titisee-Neustadt i 2004.

Janne Petteri Ahonen (fødd 11. mai 1977) er ein tidlegare finsk skihoppar frå Lahti.

Janne Ahonen er ein av de mestvinnande skihopparane på 1990- og 2000-talet. Den finske storhopparen vann i 1997 VM-gull i liten bakke. I sesongane 1998/99, 2002/03, 2004/2005 og 2005/2006 (saman med Jakub Janda) vann han den prestisjetunge hoppveka samanlagt. Han har fleire pallplasseringar frå store meisterskap. I verdscupen har han vunne 36 enkeltrenn og har totalt 102 pallplasseringar (begge delar pr. november 2012). Ahonen vann verdscupen samanlagt i 2003/2004 og 2004/2005.

I 2005 vart han kåra til årets idrettsutøvar i Finland. Janne Ahonen hadde ei tid verdas lengste skihopp med fall, på 240 meter (på grunn av fallet er ikkje dette ein offisiell verdsrekord).

Ahonen hadde eit opphald som aktiv skihoppar i sesongen 2008/2009. Han kvalifiserte seg til Vinter-OL 2010. Der vart han nummer fire i normalbakken. Han fekk Holmenkollmedaljen i 2011.

Bakgrunnsstoff

  • «Janne AHONEN» (på engelsk). FIS. Henta 2022-02-06.
  • «Janne Ahonen» (på engelsk). Olympedia. Henta 2022-02-06.

Read next

In 34 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article