Instrumentalisme eit eit syn i vitskapsfilosofien som står for at omgrep og teoriar berre er nyttige intellektuelle reiskapar (instrument) i omtalen av vitskaplege storleikar. Verdien deira ligg ikkje i om dei er sanne eller falske (eller meir korrekt om dei skildrar røyndomen slik han er), men i kor effektive dei er til å forklara og føreseia fenomena. T.d. er elektron og gen (storleikar i vitsk. teoriar) ikkje delar av røyndomen, men tvert imot nyttige fiksjonar eller heuristiske konstruksjonar som vert innførte for å organisera erfaringane på ein tenleg måte.
Instrumentalisme
Read next
In 38 languages
Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article