factograf
NN
Sign in

pattedyrart

Ilder

Ilder

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnMustela putorius
taksonomisk nivåart

Ilder (Mustela putorius) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Tamilderen sitt latinske namn er Mustela p. furo. Ilder er i slekt med mellom anna jerv, grevling, skunk, mink, røyskatt og snømus. Ilder finst i store delar av Europa, nordgrensa går i Søraust-Noreg, så han har ikkje stor utbreiing i Noreg. Ilder er rekna som ein sårbar art i Noreg. Det har til tider vore omfattande ilderoppdrett i Noreg, og mykje av den norske bestanden kan stamme frå rømde oppdrettsilderar.

Skildring

To ilderar i Skandinavisk Dyrepark i Djursland i Danmark. Foto: Malene Thyssen, 2005
To ilderar i Skandinavisk Dyrepark i Djursland i Danmark. Foto: Malene Thyssen, 2005
Kjæleilderar (Mustela putorius furo)
Kjæleilderar (Mustela putorius furo)
2 images

Ilder har ei langstrekt og elegant form, med kroppslengde på nær 45 cm. Vekta kan nå 1 1/2 kg. Hovudføda er frosk, padder, smågnagarar, fugl og egg. På same måte som røyskatten hamstrar ilderen mat i overskotstider, og den kan og sikre fersk mat utover vinteren ved å bite frosk over nakken og lamme frosken slik at den ikkje døyr, men fungerer som levande matlager.

Ilderar som kjæledyr

Dei fleste i dag kjenner ilderen som eit kjæledyr. Dei er nysgjerrige og leikne som kattungar heile livet, og er svært folkekjære - faktisk så mykje at mange ildereigarar vel å skaffe seg eit par ilderar, slik at dei kan leike med kvarandre, i staden for å ha ein ilder springande etter seg heile tida. Om ilderen blir oppdratt skikkeleg, som kvalpar, kan dei bli ganske stovereine og bit ikkje.

Bakgrunnsstoff

  • Fakta om ilder Arkivert 2005-02-13 ved Wayback Machine.
  • Norsk Ilder Forening - Her finn du informasjon og hjelp med ilder som kjæledyr.
  • www.ilder.net Arkivert 2006-04-02 ved Wayback Machine. - ein liten blogg med nokre infosider om ilder som kjæledyr
  • www.ilderforum.com Arkivert 2006-02-13 ved Wayback Machine. - eit forum med mykje nyttig informasjon

Read next

In 80 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article