factograf
NN
Sign in

iPhone 4

IPhone 4

Key facts

skipingstidspunkt7. juni 2010
utgjevingstidspunkt24. juni 2010
høgd115mm
masse137 gram
All data from the card 8
Produsent
Apple
Lansert
24. juni 2010
Operativsystem
iOS
Minne
512 MB LPDDR-DRAM
Lagring
8, 16 eller 32 GB
Batteri
3,7 V, 5,3 W·h (1420 mA·h) Lithium-ion-batteri
Storleik
Høgd: 115,2 mm Breidd: 58,6 mm Djupn: 9,3 mm
Vekt
137 g

iPhone 4 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den fjerde generasjonen iPhone, oppfølgjaren til iPhone 3GS og forgjengaren til iPhone 4S. Telefonen vart annonsert 7. juni 2010 under Worldwide Developers Conference i San Francisco og utgjeven 24. juni 2010 i USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Japan. iPhone 4 introduserte ein ny design til iPhone-serien, som den administrerande direktøren i Apple, Steve Jobs, hevda var den tynnaste smarttelefonen i verda på den tida. Telefonen bestod av ei innfatning i rustfritt stål som fungerte som antenne, med dei internekomponentane lokalisert mellom to panel av glas i aluminiumsilikat.

iPhone 4 introduserte skjermen «Retina Display» med ein pikseltettleik på 326 pikslar per tomme, medan han vidareførte storleiken og skjermtilhøvet frå forgjengarane, Apple A4-prosessoren og iOS 4, som la til multitasking og FaceTime for videosamtalar. Han var den første iPhonen med eit kamera på framsida.

Read next

In 51 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article