Historie
Byen vart grunnlagd på det nordlegaste punktet i Hondsrug-området. Dei første skriftlege kjeldene som nemner Groningen er frå 1040. Dei første større busetnadane i området rundt Groningen er spora tilbake til 200-talet.
På 1200-talet var Groningen eit viktig handelssenter og innbyggjarane bygde bymurar. Byen hadde stor makt over dei omliggande områda og gjorde dialekten sin til det vanlege målføret i området. Den mektigaste perioden til byen var på 1400-talet då den nærliggjande provinsen Friesland vart styrt frå Groningen. I desse åra vart Martinitoren (Martinitårnet) bygd. Det hadde ei høgd på 127 meter og var den høgaste bygningen i Europa på denne tida. Byen mista sjølvstende då dei valde å støtte Det spanske riket under åttiårskrigen i 1594. Seinare byta dei sider og vart medlem av Dei sameinte Nederlanda.
I 1614 vart Universitet i Groningen grunnlagd, først berre for studiar innan teologi. I same periode utvida byen seg raskt og det vart bygd nye bymurar. Byen vart hardt råka under den tredje engelsk-nederlandske krigen i 1672 då byen vart angripe av biskopen av Münster, Bernhard von Galen. Bymurane heldt stand og hendinga vert framleis feira kvart år den 28. august.
Byen slapp ikkje like heldig unna den andre verdskrigen og i april 1945 vart særleg området rundt hovudplassen Grote Markt øydelagd. Martinitoren, kyrkja, Goudkantoor og rådhuset vart ikkje øydelagd. Slaget i byen varte i fleire dagar.
Økonomi
Groningen er ein viktig handelsby for det nordlege Nederland. Byen har mange sørvisfunksjonar for gassindustrien, og har vidare matvareindustri med foredling av sukker, tobakk og kaffi. I løpet av dei seinaer åra har der kome ein del arbeidsplassar knytte til IT.
Kunst og kultur
Som universitetsby, provinshovudstad og sentrumsby for nordlege Nederland har Groningen eit variert kulturtilbod. Groningen museum er det viktigaste museet i byen med innovative kunstutstillingar. Byen har òg det nasjonale teikneseriemuseet, i tillegg til bl.a. bymuseum og universitetsmuseum. Der er òg fleire teater og musikkscener.
Studentby
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Groningen (city)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
