factograf
NN

Gloucestershire

Gloucestershire

Key facts

folketal928 466
areal3 150km²
førekomst avseremonielt grevskap i England
landStorbritannia
hovudstadGloucester
ligg i administrativ einingSørvest-England
All data from the card 6
Land
England
Region
Sørvest-England
Areal
3 150 km²
Folketal
840 200 (2008)
Grunnlagd
Historisk
Status
Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap

Gloucestershire er eit grevskap sørvest i England. Grevskapet består av delar av Cotswold Hills, delar av den flate, frodige dalen til elva Severn og heile Forest of Dean.

Administrasjonsbyen er Gloucester og andre viktige byar er Cheltenham, Stroud, Cirencester og Tewkesbury.

Det seremonielle grevskapet grensar til Gwent i Wales (i dag Monmouthshire) og i England til dei seremonielle grevskapa Herefordshire, Worcestershire, Warwickshire, Oxfordshire, Wiltshire, Somerset og Bristol. Som administrativt grevskap omfattar det ikkje South Gloucestershire som er ei sameint styresmakt.

Historie

Gloucestershire er eit historisk grevskap nemnt i den anglo-saksiske krønika på 900-talet, men Winchcombe og Forest of Dean vart ikkje ein del av grevskapet før seint på 1000-talet. Gloucestershire omfatta opphavlet den «vesle byen» Bristol. Bristol vart ein del av det administrative grevskapet Avon i 1974.

Då Avon vart oppheva i 1996 vart regionen nord for Bristol ei sameint styresmakt kalla South Gloucestershire og er i dag ein del av det seremonielle grevskapet Gloucestershire.

I juli 2007 vart Gloucestershire råka av storflaum, ein av dei verste ein veit om i britisk historie. Titusenvis av innbyggjarar vart råka. Skadane vart estimerte til over to milliardar pund.

Grevskapet kom seg raskt etter katastrofen og har sidan satsa mykje på turisme i området.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gloucestershire
  • Offisiell nettstad

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Gloucestershire» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side

Read next

In 82 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article