factograf
NN

Fred Astaire

Fred Astaire

Key facts

fødselsdato10. mai 1899
dødsdato22. juni 1987
yrkefilmskodespelar, koreograf, songar
fødestadOmaha
dødsstadLos Angeles
ektefellePhyllis Livingston Potter
partimedlemskapDet republikanske partiet
utmerkingGolden Globe Award for Best Actor in a Motion Picture – Musical or Comedy
sjangerpopstandardard
høgd177cm
Fred Astaire
Fred Astaire

Fred Astaire, fødd Frederick Austerlitz (10. mai 1899–22. juni 1987) var ein nordamerikansk filmskodespelar, scenedansar og songar.

I 1917 dansa han på Broadway i New York med søster si Adele som partnar. Dei to braut gjennom i 1918 og vart svært populære i både London og New York kor dei var med i musikalar som Lady Be Good (1924) og The Band Wagon (1931). Då søster Adele Astaire trekte seg tilbake frå dansen for å gifta seg i 1932, reiste Fred til Hollywood.

Fred Astaire debuterte som filmskodespelar i Dancing Lady (1933); her hadde han ei lita rolle som seg sjølv. I filmen Flying Down to Rio (1933) starta det svært så suksessfulle samarbeidet Astaire hadde med Ginger Rogers.

Dette var starten på eit mangeårig samarbeid; dei to spelte saman i mellom andre filmane Top Hat (1935), Swing Time (1936) og Shall We Dance (1937).

Read next

In 92 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article