factograf
NN

fransk politikar og økonom

Frédéric Passy

Frédéric Passy

Key facts

fødselsdato20. mai 1822
dødsdato12. juni 1912
utdanna vedLycée Condorcet
yrkesamfunnsøkonom, politikar, diplomat
fødestadParis
dødsstadNeuilly-sur-Seine

Frédéric Passy (fødd 20. mai 1822 i Paris, daud 12. juni 1912 i Neuilly-sur-Seine) var ein fransk økonom, politikar og humanist. Som «Fredens apostel» vart han i 1901 tildelt den fyrste Nobels fredspris saman med Henri Dunant.

Liv og virke

Bakgrunn

Passy kom frå ein embetsfamilie, der onkelen Hippolyte var regjeringsmedlem i to forskjellige franske regjeringar. Han studerte fyrst jus, og seinare økonomi, og tok eksamen i 1857.

Økonom, politikar

Passy vart i 1863 tilbudt eit professorat i økonomi, men takka nei til å ta imot det fordi han forakta det franske keisardømet. Etter monarkiet i Frankrike fall vart han medlem av nasjonalforsamlinga, og 1881-89 av deputertkammeret, men vart ikkje gjenvald i 1889. Som parlamentsmedlem var Passy oppteken av utanrikspolitikk og internasjonal fredsmekling.

Passy var politisk sett liberal og prøvde å fjerna alle hinder for ein harmonisk varehandel. Tvister mellom arbeidsgjevarar og arbeidarar burde ein avgjera ved hjelp av mekling og voldgiftsdom, men endå viktigare var det at mekling og voldgift måtte erstatta krig som metode for å avgjera tvister mellom forskjellige folk. Han stifta i 1867 den fyrste internasjonale fredsorganisasjonen.

I 1877 vart han medlem av Académie des Sciences Morales et Politiques, eit akademi som på same måte som Det franske akademiet er ei avdeling av Institut de France. Han engasjerte seg i fleire politiske spørsmål, som utdanningsreformar og fred mellom Frankrike og Preussen.

Saman med briten Randal Cremer stifta Passy i 1889 Den interparlamentariske union, ein organisasjon som opprinneleg var ein medlemsorganisasjon for individuelle parlamentarikarar, men som i dag har nasjonalforsamlingar som medlemmer. Organisasjonen arbeida for fredsmekling.

Litteratur

  • Herbert Maza: Frédéric Passy: La Fondation de l'Union Interparlamentaire (1965)
  • Mélange économique, Paris, 1857.
  • De la propriété intéllectuelle, (medforfatter), Paris, 1859.
  • Leçons d'économie politique, Montpellier, 1861.
  • La Démocratie et l'instruction, Paris, 1864.
  • Les Machines et leur influence sur le développement de l'humanité, Paris, 1866.
  • Malthus et sa doctrine, 1868.
  • Histoire du travail: leçons faites aux soirées littéraires de la Sorbonne, Paris, 1873.
  • Pour la paix, Paris, 1909. "En fredsmeglers tilbakeblikk og selvbiografi"
  • Sophismes et truismes, Paris, 1910.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Frédéric Passy» frå Wikipedia på bokmål, den 2. oktober 2017.

Bakgrunnsstoff

  • (en) Nobels fredspris 1901 hos Nobelprize.org
  • (en) Frédéric Passy hos Nobelprize.org i samband med tildelinga av Nobels fredspris 1901

Read next

In 73 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article