factograf
NN

Firth of Forth

Firth of Forth

Key facts

førekomst avfirth, estuar, fjord
landStorbritannia
ligg i administrativ einingSkottland
skildra iPauly–Wissowa
All data from the card 1
Land
Storbritannia
Firth of Forth frå Calton Hill
Firth of Forth frå Calton Hill
Forth Bridges kryssar fjorden.
Forth Bridges kryssar fjorden.
Kart over fjorden
Kart over fjorden
Edinburgh-Fife luftputefartøy
Edinburgh-Fife luftputefartøy
Ro-Pax-ferja «Blue Star 1» går under Forth Bridge i fjorden på veg frå Rosyth til Zeebrugge.
Ro-Pax-ferja «Blue Star 1» går under Forth Bridge i fjorden på veg frå Rosyth til Zeebrugge.
5 images

Firth of Forth (skotsk-gælisk Linne Foirthe) er ein firth eller fjord i Nordsjøen i Skottland mellom Fife i nord og West Lothian, City of Edinburgh og East Lothian i sør. Den indre delen av fjorden vert rekna som estuaret til elva Forth. I romartida vart fjorden kalla Bodotria.

Geografi og økonomi

Fjorden vart forma under den siste istida.

I elva kan ein merke tidvatnet heilt opp til Stirling, men generelt vert enden av fjorden rekna for å vere ved Kincardine-brua.

Det ligg mange byar langs kysten, samt eit petrokjemisk industriområde ved Grangemouth, ei kommersiell hamn i Leith, eit tidlegare verft ved Methil som bygde oljeplattformer, skipsopphoggingsverft ved Inverkeithing og eit marineverft ved Rosyth.

Kincardine Bridge, Clackmannshire Bridge og Forth Road Bridge og jerbanebrua Forth Bridge fører trafikk over fjorden.

Det er òg planar om å starte ei luftputebåtrute over fjorden mellom Edinburgh og Kirkcaldy.

Den indre fjorden, mellom bruene Kincardine og Forth, har mista omtrent halvparten av det tidlegare litorale området sitt etter at området vart fylt. Desse områda vert nytta til jordbruk, industri og store oskebasseng med avfall frå kolkraftverket Longannet Power Station nær Kincardine.

Fjorden har status som ein stad av særleg vitskapleg interesse og øyane i fjorden er erklært eit særskilt verneområde med over 90 000 hekkande sjøfugl kvart år. Det er eit fugleobservatorium på Isle of May.

Øyar i Firth of Forth

Busetnader langs kysten

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Firth of Forth» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side

Read next

In 55 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article