factograf
NN

Farther Along

Key facts

utgjevingstidspunktjuli 1974
førekomst avmusikalsk komposisjon
utøvarDolly Parton
sjangergospel

«Farther Along» er ein Southern gospel-song publisert av Stamps-Baxter Music Company.

Historie

Teksten til songen vart skriven i 1911 av presten W. A. Fletcher, ein omvandrande predikant, då han reiste til Indian Territories med tog. Fletcher var lei sg fordi kona hans Catherine Louise Emmett Fletcher frå Cleburne i Texas, venta det første barnet deira i løpet av få veker, og han kom ikkje til å få høve til å vere der under fødselen. Han følte at han måtte prioritere embetet sitt i Indian Territories og skreiv teksten om korleis han kjende seg på den tida. Ved sidan av han ppå toget sat J.R. Baxter, ein gospelmusikar som vart gripen av teksten og tilbaud han to dollar for dei. Baxter fekk så sett musikk til songen og han vart ein populær gospelsong.

Opphavsretten til songen vart registrert i 1937 som ein del av Starlit Crown-samlinga, og fornya i 1965. Han vert ofte feilaktig omtalt som ei folkevise eller for å vere i offentleg eige

Kjende innspelingar

«Farther Along» har blitt spelt av mange artistar gjennom åra. mellom andre av The Flying Burrito Brothers, som spelte inn songen i 1970 på albumet Burrito Deluxe, The Byrds, som spelte han som tittelsporet på albumet deira Farther Along i 1971, og Ike Turner, som skreiv om songen som «Father Alone» og spelte songen solo på Ike & Tina Turner-albumet The Gospel According To Ike & Tina (1974). For dette vart han nominert til ein Grammy.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Farther Along (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2016.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Read next

In 3 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article