Emilie Bosshard Haavi (fødd 16. juni 1992 i Bærum) er ein norsk fotballspelar som spelar for Roma i Serie A, og det norske landslaget.
Haavi er den mestvinnande kvinna i norsk fotball, og den nest-mestvinnande spelaren i norsk fotball gjennom tidene. Med ni seriegull og sju cupmeisterskap, er ho berre slegen av Roar Strand (21 titlar).
Klubbkarriere
Røa (2008–2012)
Haavi spela for Stabæk då laget framleis tilhøyrde nedre del av divisjonssystemet før fusjonen med Asker. Før 2008-sesongen vart ho saman med Gunhild Herregården, Hedda Vedeler og Ada Finskud henta til Røa. Trass i at ho ikkje scora nokre mål, gjorde ho seg merka i sin fyrste sesong for klubben. Ein sesong som enda med både serie- og cupgull, i cupfinalen fekk ho eit innhopp mot slutten av kampen.
I 2009-sesongen fortsatte utviklinga for Haavi. I 5. serierunde scora ho sitt fyrste toppseriemål, i bortekampen mot Sandviken. Hun scora alle måla sine den sesongen mot Bergens-lag, då ho scora vinnarmålet heime mot Sandviken, og to gongar borte mot Arna-Bjørnar. Det store gjennombrotet til Haavi kom i Champions League-kampen mot Everton, der ho vart banens beste med ei målgjevande og ei scoring. Også i 2009 tok ho «the double» med Røa og vann både serien og cupen.
Då Lene Mykjåland forlet klubben vart Haavi fast på venstre kant i fyrsteellevaren til Røa. Ho var nær ustanseleg, og kjempa om toppscorertittelen i 2010-sesongen. Dessverre for Haavi gjorde ein skade i kampen mot Stabæk den 25. september at ho mista resten av sesongen. Dimed enda Haavi på tredjeplass på toppscorarlista, tre mål bak Lise Klaveness.
LSK Kvinner (2013–2016)
Før 2013-sesongen vart Haavi henta til regjerande seriemeister LSK Kvinner. Ho debuterte for klubben med scoring borte mot Sandviken. Ho vart den fyrste spelaren til å score i ein Champions League-kamp for klubben då ho scora mot LdB FC Malmö, 10. oktober 2013. Haavi vart ein av de viktige spelarane i laget som tok «the double» i 2014, 2015 og 2016. Hun tiltrekte seg merksemd frå utanlandske klubbar og takka nei til Liverpool to gongar på eit år i 2015.
Boston Breakers (2017)
I oktober 2016 vart det kjent at Haavi ville forlate LSK Kvinner etter sesongslutt, og hadde signert for den USA-amerikanske klubben Boston Breakers for 2017-sesongen. Haavi brekte ankelen allereie på sin tredje trening med sin nye klubb i januar. Etter å ha komme tilbake frå skaden kolliderte ho med ein spelar på trening og vart påført tre brot i kjeven og måtte operere. Opphaldet vart eit skademareritt og då ho ikkje kunne spele fotball vart heimlengsla forsterka, i august vart ho einig med klubben om å terminere kontrakten.
LSK Kvinner (2017–2021)
15. august 2017 signerte Haavi igjen for LSK Kvinner. Ho var med å sikre nok eit seriemeisterskap for klubben same haust. Og med Haavi tilbake på laget frå sesongstart tok dei «the double» også i 2018 og 2019. Ho vart toppscorar i Toppserien 2021 med 13 mål.
Roma (2022–)
I desember 2021 vart det kjent at Haavi hadde signert for italienske Roma i Serie A.
Landslagskarriere
Haavi fekk debuten på A-landslaget i ein alder av 17 år, mot Canada, 3. juni 2010. Hennar fyrste scoring for A-landslaget kom mot Kviterussland, 23. juni 2010.
19 år gamal vart Haavi teken ut i den norske troppen til VM i Tyskland 2011. Ho scora det einaste målet til Noreg i opningskampen mot Ekvatorial-Guinea.
Haavi var også med i den norske troppen under EM i Sverige 2013, VM i Canada 2015, EM i Nederland 2017 og VM i Frankrike 2019.
Under VM i Frankrike 2019 fekk Haavi nokre minuttar på tampen av opningskampen mot Nigeria, før ho på trening nokre dagar seinare rauk krossbandet og måtte reise heim frå meisterskapen.
Merittar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Emilie Haavi» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2022.
