factograf
NN

Dronninga av Saba

Dronninga av Saba

Key facts

fødselsdato1000 BC
dødsdato1000 BC
førekomst avbibelsk person
yrkereligiøs leiar, monark
skildra iЭнциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона
All data from the card 5
Tittel
Dronning av Saba
Opptrer i
1. Kongebok 10, Andre Krønikebok
Identifisert med
Bilqis, Queen of the South
Yrke
religiøs leiar, monark
Barn
Menelik I av Etiopia
Etiopisk freske i Addis Ababa av dronninga Saba som reiser til kong Salomo.
Etiopisk freske i Addis Ababa av dronninga Saba som reiser til kong Salomo.

Dronninga av Saba er ein figur kjend frå jødisk, kristen og muslimsk tradisjon. Ho vert omtalt i Første kongebok og Andre Krønikebok i Bibelen, i Koranen og i etiopiske Kebra Nagast.

Ein del historikarar har identifisert Saba med eit sørarabisk kongedøme, Sabaʾ, som låg i noverande Jemen. Det finst ikkje historiske prov på at dronninga har eksistert.

Legender

Ifølgje nokre legendariske tradisjonar utanom Bibelen fekk dronninga av Saba eit barn med Salomo, sonen Menelik, som vart konge over Etiopia. Dette er blant anna attgjeve i verket Kebra Negast frå 1300-talet. Trua på at Salomo fekk etiopiske etterkommarar har spelt ei rolle i den etiopiske ortodokse kyrkja og seinare i rastafarianismen.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Dronningen av Saba» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2018.

Read next

In 92 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article