factograf
NN
Sign in

Costa del Sol

Costa del Sol

Key facts

folketal1 364 837
førekomst avkyst, turistmål
landSpania
ligg i administrativ einingProvinsen Málaga
Kart over Costa del Sol - byar, feriestader og landsbyar.
Kart over Costa del Sol - byar, feriestader og landsbyar.
Bustader.
Bustader.
2 images

Costa del Sol («Solkysten») er ein region sør i Spania i den sjølvstyrte regionen Andalucía. Regionen består av kystbyar og feriestader langs Middelhavet i provinsen Málaga. Costa del Sol ligg mellom to mindre kjende kyststriper, Costa de la Luz og Costa Tropical. Tidlegare bestod kysten her berre av nokre små, rolege fiskelandsbyar, men regionen er fullstendig omvandla på siste halvdel av 1900-talet til ein verdskjend turistdestinasjon.

Her ligg byane Málaga, Torremolinos, Benalmádena, Fuengirola, Mijas, Marbella, San Pedro de Alcántara, Estepona, Manilva, Vélez-Málaga, Rincon de la Victoria, Nerja, Torrox, Sotogrande, San Roque og La Línea de la Concepción.

Det har vore busetjingar her sidan bronsealderen og området har vorte styrt av fønikarar, kartagenarar, romarar, vandalar, vestgotarar og maurarar, fram til Reconquista.

Området vart oppdaga og utvikla for internasjonal turisme i 1950-åra og har sidan vore ein populær destinasjon for utanlandske turistar. Området er særleg kjend for byar som Marbella, som har gjeve Costa del Sol rykte for å vere ei leikegrind for rike og kjende folk.

I 1970- og 1980-åra var regionen kjend for at britiske gangsterar flytta hit for å unngå å verte dømd i heimlandet. Her kunne dei leve i luksus og på grunn av det anstrengte forholdet mellom Spania og Storbritannia angåande Gibraltar, vart det ikkje utført utlevering mellom dei to landa. Dette fenomenet har vore opphav til fleire filmar.

Costa del Sol er eit populær turistområde som tar imot millionar av turistar årleg.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Costa del Sol» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Read next

In 44 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article