factograf
NN

Coney Island

Coney Island

Key facts

folketal24 711
areal1,79km²
førekomst avstrand, strøk
landUSA
ligg i administrativ einingBrooklyn
All data from the card 4
Land
USA
Stat
New York
Areal
1,7896818 km²
Folketal
24 711 (2010)
Satellittbilete
Satellittbilete
Luftfoto
Luftfoto
2 images

Coney Island er ei halvøy, tidlegare ei øy, i den sørlege delen av Brooklyn og Queens i New York i USA. Namnet stammar, ifølgje den meste utbreidde teorien, frå den tida dette området var den nederlandske kolonien Nieuw Amsterdam og der det på eit kart frå 1639 er kalla «Conyne Eylandt», eller «Konijn Eiland» med dagens skrivemåte, noko som kan verta omsett med «Kaninøya». Området vart brukt til kaninjakt heilt fram til det vart utbygd som feriestad etter borgarkrigen då Coney Island vart knytt til byen med først med ei jarnbanelinje. Frå 1860-åra var det knytt til trikkesystemet i New York. Det vart òg etablert dampbåtlinje, og strandområdet vart utbygd med hotell. Staden har rundt 60 000 innbyggjarar.

Coney Island er kjent for sine no noko gamle moroparkar og sirkus, badestranda mot Atlanterhavet og den store russisk-amerikanske busettinga. Staden vert òg assosiert med snøggmat og skal vera opphavsstaden til pølse i brød

Moroparkane nådde eit høgdepunkt tidleg på 1900-talet, populariteten dalte etter andre verdskrigen. Etter fleire år med forfall er området vorte revitalisert gjennom opninga av KeySpan Park og andre større utbyggingsprosjekt. KeySpan Park er stadion for det suksessfylte Brooklyn Cyclones, eit Minor League Baseball-lag.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Coney Island» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2018.

Bakgrunnsstoff

  • Coney Island, USA heimeside
  • Historieprosjekt
  • View of Coney Island

Read next

In 44 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article