factograf
NN
Sign in

britisk songar

Cliff Richard

Cliff Richard

Key facts

fødselsdato14. oktober 1940
utdanna vedSt. Thomas' Church School, Howrah
yrkefilmskodespelar, songar, skodespelar
fødestadLucknow
utmerkingOBE
sjangerpop
All data from the card 12
Fødd
14. oktober 1940 (86 år)
Fødestad
Lucknow
Fødenamn
Harry Rodger Webb
Alias
Cliff Richard
Opphav
England
Aktiv
1958-
Sjanger
Rock 'n' roll/pop/gospel
Instrument
Vokal, gitar
Tilknytte artistar
The Shadows
Plateselskap
EMI, Decca, Columbia, Epic, Rocket, Papillon
Verka som
Songar og låtskrivar
Prisar
offiser av Den britiske imperieordenen, Silver Clef Award, kommandør av Infante Dom Henriks orden, Knight Bachelor

Sir Cliff Richard (fødd 14. oktober 1940), fødd Harry Rodger Webb, er ein engelsk låtskrivar, songar, skodespelar og entreprenør.

Med gruppa hans The Shadows regjerte Richard den britiske popmusikken seint på 1950- og tidleg på 1960-talet, før og i løpet av dei første åra The Beatles kom inn på hitlistene. Etter han vart kristen endra musikken og imaget hans seg meir mot pop enn rock. Han klart aldri å slå skikkeleg igjennom i USA, trass i at fleire av singlane hans gjekk inn på listene der.

I løpet av seks tiår har Cliff Richard hatt mange singlar inne på listene, og er i lag med Elvis Presley den einaste artisten som har gått inn på singellista i Storbritannia i alle tiår frå 1950-åra til 2000-åra. Han er den einaste songaren som har hatt singlar på toppen av lista i alle tiår frå 1950- til 1990-åra. Richard har hatt meir enn 130 singlar, album og EPar inne på Topp 20 i Storbritannia, meir enn nokon annan. Han har selt meir enn 260 millionar plater.

Den musikalske karrieren til Richard starta i 1958 med platekontrakt hos EMI. Den første hitten hans var songen «Move It». Han deltok i Melodi Grand Prix to gonger, i 1968 med «Congratulations» og 1973 med «Power To All Our Friends». Han vann aldri, men «Congratulations» vart ein stor hit som framleis er mykje spelt.

I 1973 spelte Richard hovudrolla i «komihumormusikalen» Kofferten, eit samarbeid mellom Sveriges Radio, BBC, YLE og NRK. I 1976 fekk han det endelege gjennombrotet i USA med songen «Devil Woman». Tre år seinare toppa han lister i fleire land igjen med songen «We Don't Talk Anymore», som vart ein av dei største songane hans. Utover 80-talet hadde han fleire hittar. Han fekk ein grammy for beste pop-plate i Storbritannia i 1988, og året etter selde han ut Wembly-arenaen to gonger i eit gigantisk jubileumsshow. I 1999 fekk han sin siste listetopp med «The Millennium Prayer».

Eit utval kjende songar

Nokre av dei mest kjende songane til Cliff Richard er:

  • «Move It» (1959)
  • «Living Doll» (1959)
  • «The Young Ones» (1962)
  • «Do You Want to Dance» (1962)
  • «Lucky Lips» (1963)
  • «Summer Holiday» (1963)
  • «I Could Easily Fall» (1964)
  • «Congratulations» (1968)
  • «Good Times, Better Times» (1969)
  • «Power To All Our Friends» (1973)
  • «Miss You Nights» (1975)
  • «Devil Woman» (1976)
  • «We Don't Talk Anymore» (1979)
  • «Dreamin'» (1980)
  • «Wired For Sound» (1981)
  • «Baby You're Dynamite» (1983)
  • «Some People» (1987)
  • «Mistletoe And Wine» (1988)
  • «Stronger Than That» (1989)
  • «From a Distance» (1990)
  • «Saviours Day» (1990)
  • «Peace In Our Time» (1993)
  • «The Millennium Prayer» (1999)
  • «Let Me Be the One» (2002)

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Cliff Richard» frå Wikipedia på engelsk, og «Cliff Richard» frå Wikipedia på bokmål den 31. mars 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Read next

In 57 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article