Cleethorpes er ein by i grevskapet Lincolnshire i England. Han har kring 30 000 innbyggjarar og ligg ved estuaret til Humber. Staden har vore folkesett sidan 500-talet, med fiske som den opphavlege næringsvegen. Han blei utvikla til ein turiststad på 1800-talet. Før Cleethorpes blei ein by var området folkesett som dei tre små landsbyane Itterby, Oole og Thrunscoe. I dag fortset byggmassen i byen til nabobyen Grimsby og landsbyane Old Clee og Weelsby.
Byen ligg på Greenwich-meridianen. Den årlege nedbørsmengda er ei av dei lågaste på Dei britiske øyane.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Cleethorpes» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Commons har multimedium som gjeld: Cleethorpes
