factograf
NN
Sign in

Chur

Chur

Key facts

folketal39 177
areal54,26km²
førekomst avkommunar i Sveits
landSveits
høgd over havet593m
skildra iЭнциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона
All data from the card 9
Land
Sveits
Kanton
Graubünden
Distrikt
Plessur
Borgarmeister
Christian Boner
Flatevidd - kommune
28,01 km²
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik
33 756 1 205,1 /km²
Koordinatar
46°51′0″N 9°32′0″E / 46.85000°N 9.53333°E
Høgd over havet
593 moh.
Postnummer
7000-7007
Chur frå det høgaste punktet i kommunen, Fürhörnli
Chur frå det høgaste punktet i kommunen, Fürhörnli

Chur eller Coire (retoromansk Cuira; italiensk Coira, fransk Coire) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Graubünden og ligg nord i kantonen. Kommunen har 33 756 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 593 meter over havet. Byen er hovudsakleg tyskspråkleg (81 %). Mange snakkar i tillegg retoromansk, og byen har eit retoromansk senter (Rätisches Museum). Italiensk vert snakka av ca. 5 %.

Byen ligg i Alpenrhein-dalen og har ein strategisk posisjon til fleire fjellovergangar, mellom anna til Oberalp-, Bernardino-, Splügen-, Julier- og Albulapasset. Chur ligg på høgresida av elva Plessur, like før han han renn ut av Schanfiggdalen, om lag 1,5 km før ho munnar ut i Rhinen. Han er nesten heilt omgjeven av Alpane, med fjella Mittenberg (aust) og Pizokel (sør).

Chur er den eldste byen og det aller første bispesetet på nordsida av Alpane. Curia vart i 15 f.Kr. hovudstaden i den romerske provinsen Raetia prima. Bispesetet vart første gongen nemnd i 451 e.Kr., men er sannsynlegvis eldre. Chur bispedømme eigde store område både i nærområda til byen, og i Engadin og Vinschgau i Tirol.

Skirennarane Yvonne Rüegg og Daniel Mahrer er frå Chur.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Chur» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

  • City of Chur - Offisiell nettstad (tysk)
  • Turisme (tysk)

Read next

In 86 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article