Centurion (latin centurio; gresk κεντυρίων, kentyríōn eller ἑκατόνταρχος, hekatóntarkhos) var ein profesjonell militær befalingsmann i den romerske hæren. Etter Marius sine militærreformer i 107 f.Kr. hadde ein centurion kommando over eit centurie på omtrent 100 menn, der 20 var ikkje-stridende støtte.
Ein centurion bar truleg en sølvforgylt rustning som vyrdeteikn. Ein senior centurion kommanderte kohortar eller hadde seniorstabposisjon i sin legion. Ein hadde også centurionar i den romerske marinen. I den bysantinske hæren var dei også kjende under nemninga kentark (gresk κένταρχος, kentarchos).
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Centurion» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2022.
