factograf
NN
Sign in

Celio

Celio

Key facts

høgd over havet50m
førekomst avås
landItalia
ligg i administrativ einingRoma
skildra iPauly–Wissowa

Celio (latin Collis Caelius) er ein av dei sju høgdene i Roma. Under regjeringstida til Tullus Hostilius vart heile folkesetnaden i Alba Longa flytta til Celio med tvang. I følgje ei segn gjenfortalt av Titus Livy fekk åsen namnet sitt frå Caelius Vibenna, anten fordi han oppretta ein busetnad her, eller fordi venen hans Servius Tullius ønskte å æra han etter han døydde.

Under Den romerske republikken var Ceilo eit fasjonabelt bustadområde og ein stad der dei rike budde. Arkeologiske utgravingar under badet Caracalla har vist restane etter overdådige villaer med med komplette veggmåleri og mosaikk. Basilikaen Santi Giovanni e Paolo og den antikke basilikaen Santo Stefano Rotondo, kjend for det sirkulære planet i midten, står på Celio.

Bakgrunnsstoff

  • Samuel Ball Platner, A Topographical Dictionary of Ancient Rome: Caelian Hill (Celio)

Kjelder

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Caelian Hill frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Livy - første bok
  • Read next

    In 44 languages

    Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article