factograf
NN

Byllepest

Byllepest

Byllepest er den vanlegaste forma for pest og har stått bak fleire epidemiar og pandemiar gjennom historia. Svartedauden på 1300-talet var sannsynlegvis ein byllepestpandemi. I dag er sjukdommen lite utbreidd, men finst framleis i nokre område.

Infeksjonssjukdommen er forårsaka av bakterien Yersinia pestis og er kjenneteikna av lymfeknutar som hovnar opp til store, væskefylte byllar. Desse kan det gå koldbrann i slik at dei får ein blåsvart farge. Same bakterien kan òg føra til lungepest (lungebetennelse) eller blodforgifting (sepsis) ved at dei spreier seg i kroppen med blodet. I nokre høve kan dei også føra til hjernehinnebetennelse (meningitt).

Byllepest vert spreidd til menneske med lopper frå gnagarar og rotter. Byllepest hadde, slik han arta seg i seinmellomalderen, ein letalitet på 50-60 %. I moderne tid har sjukdommen ein letalitet på 30-60 %. Byllepest kan behandlast med antibiotika, og tidleg behandling gjev betre prognosar.

Frå 2010 til 2015 blei det rapportert om 3 248 tilfelle av pest i heile verda. 584 av dei førte til dødsfall. I dag er sjukdommen vanlegast i Afrika, og mest endemisk i Den demokratiske republikken Kongo og på Madagaskar. Han finst også i Peru.

Galleri

Pasient med opphovna lymfeknutar.
Pasient med opphovna lymfeknutar.
Kvinne med byllepest i Karachi i 1897, under eit utbrot som byrja på 1880-talet.
Kvinne med byllepest i Karachi i 1897, under eit utbrot som byrja på 1880-talet.
Sjukdomsteikn avbilda i ei tysk legebok.
Sjukdomsteikn avbilda i ei tysk legebok.
Heilage Rochus av Montpellier er rekna som vernehelgen mot pest og byllar. I avbildingar viser han ofte fram byllar på låret sitt, som her til høgre.
Heilage Rochus av Montpellier er rekna som vernehelgen mot pest og byllar. I avbildingar viser han ofte fram byllar på låret sitt, som her til høgre.
4 images

Read next

In 66 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article