factograf
NN
Sign in

Bordun

Bordun

Bordun eller borduntone er ein tone som ikkje endrar seg, som kling med i – og understøtter – forløpet til ein melodi.

Verknaden oppnår ein til dømes med ein resonansstreng (på strykeinstrument) eller ei basspipe på ei skotsk sekkepipe. I strupesong skaper songaren ein djup bordun med overtonar ved å endra munnhola.

Eit kjent døme på bordun i klassisk musikkhistorie er Wagner sin bruk av borduntone i innleiinga til Rhingullet.

Bordun vert òg nytta om ei djup orgelstemme, eit gedacktregister.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Bordun» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2013.

Read next

In 28 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article