factograf
NN
Sign in

Bon Iver

Bon Iver
All data from the card 7
Opphav
Eau Claire i Wisconsin i USA
Aktiv
2007–
Sjanger
Folkrock, indierock, indiefolk
Tilknytte artistar
Kanye WestJames Blake
Plateselskap
Jagjaguwar, 4AD
Medlemmer
Justin VernonMichael NoyceSean CareyMatthew McCaughanC.J. CamerieriMichael LewisColin StetsonGreg LeiszRob MooseReginald Pace
Prisar
Grammy Award for beste nye artist, Libera Award for Record of the Year

Bon Iver er eit USA-amerikansk folkeband som vart skipa i 2007 av songaren Justin Vernon. I tillegg til Vernon har bandet medlemmene Michael Noyce, Sean Carey og Matthew McCaughan. Vernon gav ut debutalbumet For Emma, Forever Ago uavhengig i juli 2007. Det meste av albumet var spelt inn medan Vernon var tre månader på ei hytte nordvest i Wisconsin. Bon Iver vann prisen for beste nye artist og prisen for beste alternative musikkalbum for det sjølvtitulerte albumet deira under Grammy Awards i 2012. Namnet Bon Iver er utleidd frå det franske uttrykket bon hiver, som tyder «god vinter» eller «ha ein god vinter».

Bandets første album, For Emma, Forever Ago (2007), har eit akustisk preg og er stort sett gitarbasert. Falsetten til Vernon vert komplementert av harmoniske korestemmer, og denne kombinasjonen av akustisk gitar og harmonisk song var lenge kjenneteiknet til Bon Iver. På det andre albumet, Bon Iver, Bon Iver (2011), involverte Vernon fleire musikarar, og lydbiletet vart større og noko annleis. Med innslag av programmerte trommer, perkusjon, blås, stryk, tangentar og elektriske gitarar – med effektar som klang, delay og vreng – vart uttrykket større og tidvis hardare på dette albumet. Likevel er falsettharmoniane, den akustiske gitaren og dei indiefolkinspirerte låtane sterke fellesnemnarar som gjer at Bon Iver held på særpreget sitt også på dette albumet. I 2016 gav gruppa ut albumet 22, A Million, som markerte eit større skifte i lydbiletet frå gruppa. Musikken i albumet tek element frå elektronisk musikk og hip-hop, og gjer omfattande bruk av sampling, synthesizers og andre effektar.

Bon Iver har i løpet av si fartstid spelt på fleire store festivalar, som Glastonbury, Coachella og Øyafestivalen. Dei har også vore på fleire talkshows, deriblant Late Show with David Letterman, The Ellen DeGeneres Show og Jimmy Fallon Show. I tillegg har fleire av songane til gruppa vorte brukt i filmar og TV-seriar, som Grey’s Anatomy, Chuck og One Tree Hill.

Diskografi

Studioalbum
EP-ar

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Bon Iver» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Read next

In 37 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article