factograf
NN
Sign in

Barletta

Barletta

Key facts

folketal92 427
areal149km²
førekomst avkommune i Italia, by
landItalia
høgd over havet15m
ligg i administrativ einingProvinsen Barletta-Andria-Trani
All data from the card 8
Land
Italia
Region
Puglia
Provins
Bari
Høgd
15 m
Areal
149,35 km²
Folketal
92 427 (1. januar 2023)
Postnummer
70051
Retningsnummer
0883

Barletta er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia med om lag 95 000 innbyggjarar. I 2009 vert byen hovudstad i den nye provinsen Barletta-Andria-Trani.

Byen er kjend for Kolossen i Barletta, ein bronsestatue som truleg viser den romeske keisaren Theodosius II. Byen var åstad for La Disfida di Barletta (Utfordringa i Barletta), eit slag i 1503 der 13 italienarar kommandert av Ettore Fieramosca slo franskmennene. I nærleiken av Barletta ligg den arkeologiske staden Canne della Battaglia der det kjende slaget mellom romarane og kartagarane med general Hannibal.

Av nabokommunar rundt Barletta finn ein Andria, Canosa di Puglia, Margherita di Savoia, San Ferdinando di Puglia, Trani og Trinitapoli.

Byen har ei lang sandstrand som strekkjer seg frå aust til vest frå den kommersielle hamna.

Historie

Barletta voks opp som ei hamn for Cansoa i romartida, då kalla Bardulos eller Barulum.

På byrjinga av 1500-talet, under ein krig mellom Frankrike og Spania, var byen åstad for ein historisk siger for italienske riddarar mot dei franske invasjonsstyrkane. Dette vart kjend som utfordringa i Barletta.

Byen var hovudstad i området mellom 1806 og 1927.

Under den andre verdskrigen var byen ein av dei første der italienarane gjorde motstand mot nazistane. Dette fekk byen gullmedalje for etter krigen.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Barletta» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Barletta
  • Offisiell nettstad

Read next

In 82 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article