factograf
NN

Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane

Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane

Key facts

høgd over havet611m
førekomst avFjellkjede
landSlovakia

Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane er ei geologisk gruppe fjellkjeder i Ytre Aust-Karpatane, som hovudsakleg ligg i Ukraina. Regionen omfattar fjella heilt søraust i Polen og heilt aust i Slovakia, og dei strekkjer seg frå her sørover gjennom det vestlege Ukraina til grensa til Romania.

Mange tradisjonar, språk og nasjonalitetar har utvikla overlappande variantar for inndeling og namn av desse fjellkjedene. Det polske namnet for heile regionen er Beskidy Wschodnie, Aust-Beskidane, det slovakiske namnet er Poloniny; og ukrainarane kallar fjella Dei ukrainske Karpatane.

Ved trepunktsgrensa dannar delar av dei slovakiske Bukovecfjella (Bukovské vrchy), polske Bieszczadyfjella (Bieszczady Zachodnie) og den tilstøyttande Uzjansky nasjonalpark og Nadsianskyj regionale landskapspark i Ukraina den fleirnasjonale Aust-Karpatane biosfærereservat.

Delar

Kart med fjellkjeder i Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane merkte med C-ar. (Merk dei umerkte ukrainske fjella i vest. Desse er Den vulkanske ryggen som høyrer til Vihorlat-Gutin-området)
Kart med fjellkjeder i Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane merkte med C-ar. (Merk dei umerkte ukrainske fjella i vest. Desse er Den vulkanske ryggen som høyrer til Vihorlat-Gutin-området)

Fjellrekkjer i denne gruppa er

  • dei slovakiske Bukovecfjella (Bukovské vrchy)
  • dei polske Bieszczadyfjella (Bieszczady Zachodnie)
  • Góry Sanocko-Turczańskie, langs den polsk-ukrainske grensa
  • Skole Beskidane (UA: Skolivs'ki Beskydy), delvis eller fullstendig òg kalla Høge Beskidane (Vysoki Beskydy); delar av (ukrainsk) Aust-Beskidane (Skhidni Beskydy)
  • Øvre Dnestr-Beskidane (UA: Verkhn'odnistrovs'ki Beskydy), del av (ukrainsk) Aust-Beskidane (Skhidni Beskydy)
  • Gorgany (UA)
  • Pokuttya-Bucovina-Karpatane (UA, Pokuts'ko-Bukovins'ki Karpaty)
  • Verkhovyna-Karpatane
  • Glatte Polonyna (Polonyna Rivna)
  • Polonyna Borzjava
  • Polonyna Kuk
  • Vakre Polonyna (Polonyna Krasna)
  • Svydovets
  • Tsjornohora (Svartfjella), med det høgaste fjellet i Ukraina, Hoverla
  • Hrynjavfjella

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Eastern Beskids and the Ukrainian Carpathians» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.

Read next

In 17 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article