Aust-Anatolia (tyrkisk Doğu Anadolu Bölgesi) er ein av sju regionar i Tyrkia og består av dei austlegaste provinsane i landet.
Regionen og namnet Doğu Anadolu Bölgesi vart først definert av Den første geografikongressen i 1941. Regionen har den høgaste gjennomsnittshøgda i Tyrkia, er størst i utstrekning og har lågast folketettleik av alle regionane i Tyrkia. Ein del av regionen vart tidlegare kalla Det armenske høglandet, eller berre Armenia.
Aust-Anatolia ligg heilt aust i Tyrkia og grensar til Sentral-Anatolia i vest, Svartehavsregionen i nord, Søraust-Anatolia og Irak i sør og Iran, Aserbajdsjan, Armenia og Georgia i aust.
Regionen dekkjer 171 061 km², 21% av det totale arealet til Tyrkia. Det bur totalt kring 6,1 millionar innbyggjarar i regionen.
Provinsar

Geografi
Gjennomsnitthøgda i regionen er 2200 meter med store sletter, platå og massiv. Det er noko vulkansk aktivitet i regionen. Det høgaste fjellet i Tyrkia, Ararat, ligg i denne regionen. Det same gjer dei andre vulkanane Nemrut, Süphan og Tendürek. Den største innsjøen i Tyrkia, Vansjøen, ligg òg i regionen.
Galleri




Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eastern Anatolia Region» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
