factograf
NN
Sign in

mannsnamn

Alf

Alf
Alf Prøysen med skrivemaskin i 1964.
Alf Prøysen med skrivemaskin i 1964.

Alf eller Alv er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Alfr, 'alv', 'vette'

Alv og Alf har namnedag 3. januar.

Bruken av namnet i Noreg

Namnet var i Noreg svært populært i tide rundt første verdskrigen.

I folketeljinga i 1801 vart 243 personar manntalsførte med namnet i formene Alf, Alff, Alv, Alvf, Alw, namnet var bruka over heile landet unntatt i Kristiania og i Trøndelag.

I teljinga frå 1900 var det 4617 personar som hadde namnet i formene «Alf» eller «Alv».

I 2008 var det 394 som hadde Alv til første fornamn, 9 440 heitte Alf.

Kjende namneberarar

  • Alf Hurum (1882-1972), norsk komponist og kunstmålar
  • Alf Rolfsen (1895-1979), norsk kunstmålar
  • Alf Alfer (1909-1964), svensk musikar
  • Alf Hellevik (1909-2001), norsk filolog
  • Alf Prøysen (1914-1970), norsk visesongar
  • Alf Blyverket (1929-2009), norsk musikar
  • Alf Cranner (f. 1936), norsk visesongar
  • Alf Hansen (f. 1946), norsk roar
  • Alf Egil Holmelid (f. 1947), norsk politikar
  • Alf Inge Håland (f. 1972), norsk fotballspelar

Kjelder

  • Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4

Bakgrunnsstoff

  • Søk etter norsk namnestatistikk for Alf hjå Statistisk Sentralbyrå
  • Folketeljingar i Digitalarkivet

Read next

In 7 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article